Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
19. desember
I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2025.
Bente Linn Dirdal (35), Sveio
– Kva ønsker du deg til jul?
– Det veit eg ikkje heilt, gode klede.
– Kva er favorittjulematen din?
– Pinnekjøtt og ribbe!
Annonse
– Kva gler du deg mest til i 2025?
– At det blir eit bra år i nye jobben, forhåpentlegvis.
Birgitte B. Bua (36), Buavåg
– Kva ønsker du deg til jul?
– Eg ønsker meg mindre ting og meir tid.
Annonse
– Kva er favorittjulematen din?
– Eg likar ribbe best. Mor mi er frå Austlandet så eg er oppvaksen med ribbe.
– Kva gler du deg mest til i 2025?
– Eg gler meg til våren og sommaren!
Olav Lokna (88), Lokna
– Kva ønsker du deg til jul?
– Har ikkje så svære ønsker.
Annonse
– Kva er favorittjulematen din?
– Pinnekjøtt. Alltid pinnekjøtt.
– Kva gler du deg mest til i 2025?
– Eg har vore litt skrale, så eg håpa på å få litt betre helsa.