nyhende

Styreleiar Nils Haktor Bua i Bua ungdomslag innser at dei ikkje har nok born til å driva barnehagen vidare.
Styreleiar Nils Haktor Bua i Bua ungdomslag innser at dei ikkje har nok born til å driva barnehagen vidare.

19 barn påmelde, treng minst seks til

Då den særskilte søknadsfristen for barnehagen på Bua gjekk ut søndag, hadde foreldre meldt interesse for til saman 19 barn. – Det er for lite. Me treng seks barn til for å sikra vidare drift med den kvaliteten me ønskjer for barna våre, seier Nils Haktor Bua.

Publisert Sist oppdatert

Han har likevel ikkje gitt opp håpet om å finna ei løysing. Etter hektisk møteverksemd på Bua måndag kveld, prøver nå arbeidsgruppa og ungdomslaget på ein siste innsats overfor foreldre som tidlegare har sagt seg interesserte i barnehageplass. Og dei appellerer også til alle det kan vera aktuelt for om å melda seg.

Siste frist onsdag

– Me har sett siste frist til onsdag klokka 12.00. Om me ikkje skulle lukkast, har foreldra då framleis sjanse til å søkja om barnehageplassar andre stader innan den generelle søknadsfristen som er på torsdag, seier Bua.

Om berre barnetalet blir høgt nok, er Bua sikker på at det skal ordna seg med nok kvalifisert personale i barnehagen. Etter dei siste opplysningane er tre av dei tilsette i det noverande barnehageselskapet interesserte i å vera med vidare. Bua fortel at dei i tillegg har kontakt med folk som er interesserte både i styrarstillinga og andre stillingar i barnehagen.

For å redusera kostnadene vil arbeidsgruppa arbeida vidare overfor kommunestyret for å få fritak frå husleige i ein oppstartperiode, slik enkelte politikarar alt har tatt til orde for.

Annan situasjon

Kva får deg til å tru at de skal lukkast betre denne gongen enn då Bua ungdomslag overlot drifta til Silje Huse og Bua kultur- og naturbarnehage AS for sju år sidan?

– Mykje har endra seg sidan då. Det var ikkje økonomien som var årsak til at me overlot drifta til andre den gongen. Dei forholda som førte til eigarskifte for sju år sidan, er ikkje lenger til stades. Og denne gongen er det heller ikkje berre Bua ungdomslag åleine, men eit ideelt aksjeselskap som skal stå for drifta, seier Bua.

Eit ideelt aksjeselskap inneber at det ikkje blir betalt utbyte, men at eit eventuelt overskot blir verande i selskapet. Bua ungdomslag har alt gått inn med 300.000 kroner i aksjekaptital. Og sjølv om det enno ikkje har vore satsa særleg mykje på aksjeteikning, seier Bua at det har kome inn ein god del pengar i tillegg.

Han har ingen tal å visa til. Frå andre kjelder kjenner Vestavind til at det er snakk om over 100.000 kroner.

– Me har godt håp om å nå målet om ein aksjekapital på 600.000 kroner, seier Bua.

Powered by Labrador CMS