– Det var desidert flest – 9 prosent – som hadde slakke eller tvinnande belte. I tillegg var det 3 prosent som ikkje hadde skulderbeltet rett plassert, beltet låg under armen, bak skulder eller ned på overarmen. 2 prosent hadde hoftebeltet for langt opp, seier kommunikasjonsrådgivar Silje Kristine Hansen i Trygg Trafikk.
Den landsomfattande undersøkinga vart utført av politiet i samarbeid med Trygg Trafikk, med støtte frå forsikringsselskapet If. I alt vart 2.351 barn kontrollerte i bil.
Feilsikring i bil kan dreie seg om feil beltebruk, feil plassering av barnesetet eller feil bruk av tryggingsutstyr.
– Eit slakt bilbelte kan gi store indre skadar og få fatale følgjar ved ein kollisjon, seier Hansen.
Oslo skil seg klart negativt ut i undersøkinga, der 31 prosent av barna sat feilsikra i bilen. Årsaka til at Oslo er så mykje dårlegare enn landssnittet, veit ein ikkje sikkert, men regionsleiar Erik Bo Berg i Trygg Trafikk Oslo opplyser at dårleg tid var ei gjennomgåande orsaking i kontrollen.
– Dei som feilsikra, sa ofte at dei veit korleis dei skal sikre rett, men forklarte at dårleg tid gjorde at barna ikkje vart sikra korrekt, seier Berg.
(©NPK)