Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Dagens jule-enquete:
18. desember
I dagane framover vil sveibuane fortelja om juleønske, julemat og kva dei gler seg mest til i 2026.
Torbjørn Larsen (41), Sveio
– Kva håpar du å få i julegåve?
– Klede. Eg er nokså enkel når det gjeld julegåveønske, og eg er ikkje så flink til å kjøpa gåver sjølv.
– Kva er din favorittjulemat?
– Pinnekjøt. Det må me ha.
– Kva gler du det mest til i 2026?
– Me skal ha konfirmasjon for ein 14-åring, det gler eg meg til. Elles håpar eg at heile familien får det bra i året som kjem.
Solveig Fosse (65), Førde
– Kva håpar du å få i julegåve?
– Eg har ingen særskilte ønske, så eg er ganske blank der.
– Kva er din favorittjulemat?
– Kan eg seia to? Pinnekjøt og svineribbe. Dei er likestilte for meg. Det blir pinnekjøt på julaftan og svineribbe ein av dei andre dagane.
– Kva gler du det mest til i 2026?
– Om eg ikkje akkurat har særskilte ting som eg gler meg tid, er det mykje eg håpar på. Sidan eg no er på jobb som butikksjef for Joker Førde, håpar eg for eksempel at 2026 blir eit betre år for butikken enn 2025. Elles håpar eg på ei fredelegare verd. Her i vår vesle kommune har me det jo fredeleg nok, men verda omkring oss er prega av uro og aukande spenning. Det håpar eg skal bli annleis i året som kjem.