nyhende

175 år sidan Alexander Kielland vart fødd – no skal forfattaren fram i lyset igjen

No i 2024 er det 175 år sidan forfattaren Alexander Kielland vart fødd. I jubileumsåret skal Kiellandsenteret vise at Kielland verkeleg er relevant også i dag.

Publisert Sist oppdatert

– Det blir arrangement heile året, men det blir ekstra mykje rundt bursdagen hans 18. februar. Vi skal vise at Kielland i bøkene sine, og i dei mange breva han sende, var oppteken av tema som er like aktuelle i dag. Han tok opp skulepress, religionsopprør og kvinnefrigjering, og det er tema som engasjerer også i vår tid, seier leiar for Kiellandsenteret i Stavanger Hannah Hansen Ersland til Nynorsk pressekontor. Ho lovar at Alexander Kielland skal få skine gjennom heile jubileumsåret, og feiringa blir ein del av byjubileet for Stavanger i 2025.

Sjølve hovudmarkeringa for 175-år jubileet skjer 12. til 18. februar med ei lang rekkje forfattarar på programmet. På gjestelista finn vi blant andre Vigdis Hjorth, Mikael Nemi, Monica Isakstuen, Tore Renberg, Inger M.L. Gudmundson, Tove Galta, Bjørn Arild Erstland, Per Dybvig, Fredrik Græsvik og Shoaib Durrazi.

Kiellandspråket modernisert

I samband med jubileet gir Kiellandsenteret, i samarbeid med Gyldendal forlag, ut tre av dei mest kjende verka til Alexander Kielland i ei ny språkdrakt. Bøkene har vore gjennom det dei kallar ei varsam språkleg oppjustering, for å gjere tekstane meir tilgjengelege for lesarar i dag.

Under feiringa skal skarpskodde litteraturhistorikarar diskutere denne språklege endringa.

Bøkene er alt lanserte som lydbøker, og det er ein annan Stavanger-forfattar, Tore Renberg, som les det mange meiner er hovudverka til Kielland, «Gift», Skipper Worse» og «Garman og Worse». I 2024 kjem dei også ut i bokform på nytt.

Også eit utval av novellettene hans er språkleg moderniserte, og det er også laga ein podkastserie med både opplesing og etterfølgjande diskusjon.

Ein av dei fire store

Alexander Kielland vart fødd inn i borgarskapet, i ein av dei mektigaste familiane i Stavanger i februar 1849. Det var langt frå sjølvsagt at han skulle bli forfattar, og han prøvde seg på fleire felt før skrivinga tok han. Rundt 1900-talet vart han rekna som ein av dei fire store i norsk litteratur saman med Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen og Jonas Lie

Han var blant anna teglverkseigar, borgarmeister i Stavanger og seinare amtmann i Møre og Romsdal. Kielland var fornærma på Stortinget fordi dei ikkje ville gi han diktarløn, og han trudde det hadde å gjere med at han stadig var rekna for å vere ein hard motstandar av presten, predikanten, politikaren og aviseigaren Lars Oftedal i Stavanger.

I Norsk biografisk leksikon står det at ettermælet til Oftedal som stortingsmann er prega av nettopp kampen mot at Kielland skulle få diktarlønn, og at han også truleg var modell for Nils Kjærs møte med «Vestlandsfanden på veg til Stortinget».

Kielland og Oftedal tilhøyrde begge partiet Venstre, men Kielland var i sterk opposisjon til den lågkyrkjelege og pietistiske kristendomen Oftedal stod for. Men som hadde stor støtte blant folk på Sørvestlandet.

Refsa si eiga klasse

Alexander Kielland var kjend som ein refsar av borgarskapet han sjølv var fødd inn i, men same kor kritisk han var, så gav han aldri opp den livsstilen. Han var heilt til han døydde svært glad i god mat og drikke, han kledde seg etter europeisk mote og han vart tidleg overvektig. Det blir fortalt at han kunne kunsten å unne seg litt luksus, og at han likte å skilje seg ut.

Måtehald fall ikkje naturleg for Kielland. Han elska mat, vin og kvinner. Han hadde barn både i ekteskapet og utanfor. Og sjølv om han etter kvart vart tydeleg prega av livsstilen sin, var det vanskeleg for han å leggje om. Det var som han skreiv i eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson: «Dersom jeg ville leve som en jomfru og ernære meg som en blomst, kunne det allikevel vare lenge – siger de – men det har jeg ingen sans for..»

Men han heldt fram med å vere ein mann av handling.

I sitt ess etter Ålesundbrannen

Tor Obrestad fortel i biografien sin om Kielland, ei historie frå bybrannen i Ålesund. På den tida var Kielland amtmann i Møre og Romsdal med sete i Molde. Då han fekk melding om den katastrofale brannen i trehusbyen Ålesund, tok det ikkje lang tid før han var på plass i byen.

Normalt gjekk han kledd i dyre og til dels pompøse klede, gjerne kjøpte frå Tyskland. I Ålesund møtte han derimot opp i oljehyre og sydvest. Han tok raskt tak i situasjonen og organiserte blant anna utdelinga av mat.

Det blir fortalt at han var i sitt ess den tida han oppheldt seg i byen, trass i at han måtte leve på rugkavring og øl.

Det starta med at han tok beslag i DS Nordfjord på kaia i Molde og gav ordre om at dei skulle gå til Ålesund for å hjelpe til.

– «I Kongens navn beslaglegger jeg Deres skib», sa Kielland til kapteinen.

– Det går ikke, for jeg har kreaturer om bord, som skal til Haram, repliserte kapteinen.

– Nu, så får De slippe kreaturene i land. Her er ingen annen utvei, svarte Kielland.

Amtmannen viste seg å vere ein glimande organisator, og han hadde ein naturleg autoritet i alt han gjorde.

Aktuelle problemstillingar

Litterært er Alexander Kielland trygt plassert i realismen. Han skreiv om det som var nært han, både naturen, småbyen og menneska der. Men han tok opp aktuelle politiske problemstillingar i samtida, og han ville endre samfunnet med litteraturen sin.

Forfattarkarrieren hans var heller kort, rundt 10 år. Etter dette kjende han seg utbrend som forfattar. Men produksjonen hans var stor, både skodespel, noveller og romanar. Han var også ein stor brevskrivar, og mange av breva hans vart gitt ut etter at han døydde.

Kielland var sterkt påverka av den danske filosofen Søren Kierkegaard. Han kallar sjølv forfattarskapen sin som «nyttepoesi», og ville at det skulle formidle sosiale, politiske, moralske og religiøse synspunkt, heiter det i presentasjonen av Stavanger-forfattaren på Kiellandselskapet sine nettsider.

Ei mindre kjent side ved Alexander Kielland er det nære forholdet hans til dyr og fuglar. Som han sjølv skreiv: «Dersom det ikke var det uheldige, at Stortinget for alvor har votert at jeg er umoralsk, så ville jeg ansøke om å bli fugleinspektør på Vestlandet. Så ville jeg reise omkring og lære folk om fuglene».

Powered by Labrador CMS