Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
1,71 millionar har førehandsstemt – ny rekord
Torsdag vart det registrert nok stemmer hos Valdirektoratet til at rekorden på 1,648 millionar førehandsstemmer frå 2021 er slått.
Mellom førehandsstemmene og dei 9279 tidlegstemmene er det no sett ny noregsrekord.
Førehandsstemmegivinga blir avslutta fredag og dei siste førehandsstemmelokala stenger klokka 19.
Sjølv om andelen som førehandsstemmer har stige gradvis i fleire tiår, skaut han i vêret i 2021. Pandemien vart peika på som årsak til at heile 45 prosent av dei stemmeføre stemde på førehand i 2021, ein auke frå 29 prosent i 2017.