nyhende

Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad har sagt opp og blir pensjonist 1. november.
Kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad har sagt opp og blir pensjonist 1. november.

17 vil overta jobben etter Lier Habbestad

Ti menn og sju kvinner har søkt jobben som kommunalsjef for skule, barnehage og kultur i Sveio. Ein søkjar er unnateke offentlegheit.

Publisert Sist oppdatert
Har søkt: Solveig Skattkjær, rektor ved Vikse skule
Har søkt: Ben Jerry Ellingsen, rektor ved Sveio skule.

Blant dei som vil skapa gode oppvekstvilkår og leia ein sektor med 195 tilsette fordelt på 163 årsverk, finn me to rektorar ved skular i Sveio: Ben Jerry Ellingsen, Sveio skule, og Solveig Skattkjær, Vikse skule.

Av søkjarar med adresse i Sveio står senioringeniør Odd Konrad Dale, driftssjef Loredana N. Giurgiu, lektor Asle Georg Halleraker og student Caroline Jacobsen på lista. Ein kvinneleg søkjar er unnateke offentlegheit.

Søknadsfristen var i utgangspunktet 3. mai, men den vart forlenga til 13. mai. Årsaka var at ein håpa på å få fleire søkjarar.

Sveio kommune har engasjert rekrutteringsbyrået Human for å finna etterfølgjaren til kommunalsjef for oppvekstetaten, Solfrid Lier Habbestad. Ho blir pensjonist frå 1. november.

Her er heile søkjarlista:

  • Brathammer, Lars Petter (51), barnehagelærar, Karmøy
  • Dale, Odd Konrad (55), senioringeniør, Sveio
  • Ellingsen, Ben Jerry Fiskaaen (50), rektor, Haugesund
  • Giurgiu, Loredana N. (40), driftssjef, Sveio
  • Grønås, Roald (59), Farsund
  • Halleraker, Asle Georg (52), lektor med tilleggsutdanning, Sveio
  • Helgø, Kate Åse (48), pedagogisk leiar, Haugesund
  • Jacobsen, Caroline (26), student, Sveio
  • Knudsen, Rune (49), daglig leiar, Stavanger
  • Kringebotten, Glenn (52), prosjektleiar, Haugesund
  • Madsen, Truls Myhre (41), student, Oslo
  • Mariboe, Elin (49), leiar for arrangement og inkludering, Bømlo
  • Milovancevic, Ivan (38), wellspring engineer
  • Nøttum, Bjørn (51), fagansvarldg rådgjevar, Haugesund
  • Skattkjær, Solveig (39), rektor, Haugesund
  • Stavland, Reidun (51), høgskulelektor, Stord
  • Kvinne, unnateke offentlegheit
Powered by Labrador CMS