nyhende

Det kan bli varmt med bunad mange stader i Noreg på nasjonaldagen i år. Ifølgje vêrvarselet frå Yr vil temperaturane fleire stader gå over 20 grader. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / NPK
Det kan bli varmt med bunad mange stader i Noreg på nasjonaldagen i år. Ifølgje vêrvarselet frå Yr vil temperaturane fleire stader gå over 20 grader.

17. mai: Det blir sol og varme i Sveio

Store delar av landet kan sjå fram til ein varm og solrik nasjonaldag tysdag. Men i Nord-Noreg kan det vere lurt med regnjakke og lue over bunaden.

Publisert Sist oppdatert

NPK-NTB: Dagen før nasjonaldagen melder vêrtenesta Yr om godvêr i Sør-Noreg.

– Fleire stader i sør kan få opp mot 20 grader. I Oslo-området og nedover i Vestfold og Telemark kan temperaturen gå opp mot 20 grader. Også nord i Rogaland og opp mot Bergen blir det ein flott dag, seier vakthavande meteorolog Iselin Skjervagen til NTB.

Ho nemner at Notodden fleire gonger tidlegare har hatt temperaturrekorden for 17. mai, og at det godt kan skje også i år. I Innlandet, rundt Hamar og Lillehammer, går det også mot ein flott dag med høge temperaturar og skyfri himmel.

– Vi opererer jo alltid med temperaturen i skuggen, så det kan bli varmt med ullbunad ute i sola. Det er kanskje greitt å ha minst mogleg under bunaden fleire stader. Men når toget går på formiddagen, vil det vere litt kjøligare, rundt 13 grader, så kanskje ei lita jakke kan vere greitt, seier Skjervagen.

Sørlandet og sør i Rogaland kan det bli litt skyer tidleg på dagen, men det kan klarne opp utover dagen.

– Men at det blir is-etevêr over store delar av Sør-Noreg, det er heilt sikkert, seier meteorologen muntert.

Kaldt i nord

Tromsøværingane må førebu seg på ei våt og kald feiring tysdag. Med temperaturar mellom 2 og 4 grader og eit veksande sludd- og regnvêr utover formiddagen går det mot ei krevjande feiring i gatene i byen.

– I Tromsø skal nasjonaldagen starte med sludd, og etter kvart vil det gå over til regn. Det blir mykje nedbør, og i tillegg skal det blåse ein del, så det blir nesten vanskeleg med paraply. Det er berre å kle på seg, seier vakthavande meteorolog Iselin Skjervagen til NTB.

Det blir kaldt og regn heilt frå Bodø og opp til kysten av Finnmark. Meteorologane varslar snø frå berre 200 meters høgd, så mange stader i låglandet vil det veksle mellom sludd og regn. Lengst aust i Finnmark blir det etter kvart opphald, men kaldt vil det vere likevel.

Det kalde gråvêret minkar jo lenger sør ein kjem. Frå Trondheim og sørover stig temperaturen, og skylaget blir borte. Det blir sol og temperaturar opp mot 15 grader i Midt-Noreg, viser vêrdataa frå Meteorologisk institutt.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS