NPK: Det er framleis 14.000 kilometer veg i Noreg med for smal breidde i forhold til trafikkmengda, viser nye tal frå NAF. Dei meiner politikarane må prioritere vedlikehald og oppgradering av vegane.
– Norske vegar har standardar for breidde og midtstripe, avhengig av kor mykje trafikk det er på vegen. Tala våre viser at breidda på ein tredel av riksvegnettet og ein firedel av fylkesvegane ligg under desse standardane, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF, i ei pressemelding.
Det på fylkesvegane det står dårlegast til, målt i meter. Heile 11.000 av dei 14.000 meterane er fylkesveg, og det betyr at kvar fjerde meter med fylkesveg er for smal i høve til trafikkmengda.
I tillegg er vedlikehaldsetterslepet på norske vegar berekna til 100 milliardar kroner, og NAF meiner det krev eit enormt løft for å bøte på dette.
– Dårlege vegar er ei stor kjelde til bekymring for folk på kvardagsreisa, spesielt i distrikta. Halvparten av norske bilistar vil at vedlikehald skal prioriterast opp politisk, det er ein betydeleg større andel enn dei som vil prioritere opp nybygging av veg, seier Ryste, som etterlyser at regjeringa tek tak og kjem med ein plan for dette.