nyhende

Sjølv om det er vår i lufta enkelte stadar i landet, er det svært kaldt i vatnet. ILLUSTRASJONSFOTO: NPK
a4905aad-79d4-4f1d-a9f0-fec1e2c33411.jpg

14 personar drukna dei første tre månadane i år

Sju personar omkom i drukningsulykker i mars, og 14 personar har drukna dei tre første månadene i år, viser tal frå Redningsselskapet.

Publisert Sist oppdatert

I same periode i fjor omkom 16 personar i drukningsulykker, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Det er berre menn blant dei omkomne i januar, februar og mars. Fem var 15–25 år gamle, og fem var 60 år eller eldre, viser tala.

Båt og vassport

Seks av drukningsulykkene er relaterte til båt eller vassport, og tre personar drukna i fritidsbåthamner, sannsynlegvis etter fall mellom båt og bryggje. I tillegg omkom ein person etter fall mellom land og ein passasjerbåt. Ein person omkom i ei kiteulykke og ein i ei drukningsulykke frå eit fiskefartøy.

Redningsselskapet åtvarar om at dersom ein fell ut i det kalde vatnet langs heile kysten, får kroppen kuldesjokk. Ein reagerer med å gispe etter luft og hyperventilere, og det er lett å få panikk og puste inn vatn.

Om du skulle vera uheldig

– Pass på deg sjølv og andre rundt sjø og vatn. Skulle du likevel vere uheldig å falle i vatnet, er det viktig å prøve å behalde roa og få kontroll over pusten. Så kan du finne ut korleis du kan berge deg sjølv eller få hjelp, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

Krangnes åtvarar også folk mot å bevege seg ut på isen i påska.

— No på våren blir isen svekt av sol og mildvêr. Isforholda kan variere gjennom dagen og med få meters avstand. Bruk isvarslinga på varsom.no , sjekk alltid isen sjølv, og ta med tryggingsutstyr som ispiggar og kasteline.

Powered by Labrador CMS