nyhende

Av dei 25 som har drukna i juni og juli, var det éi kvinne og 24 menn. Ein av dei omkomne var eit barn under 16 år.
Av dei 25 som har drukna i juni og juli, var det éi kvinne og 24 menn. Ein av dei omkomne var eit barn under 16 år.

14 menneske døydde i drukningsulukker i juli

14 menneske drukna og døydde i juli. Så langt i år har 53 personar omkomme i drukningsulukker, noko som er seks fleire enn på same tid i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Det viser Redningsselskapets oversikt.

– Vi er bekymra over at fleire har drukna så langt i år samanlikna med i fjor, og vi treng ein koordinert og målretta innsats for å få ned drukningstala, seier generalsekretær Grete Herlofson i Redningsselskapet.

25 personar har mista livet i drukningsulukker i sommarmånadene juni og juli. Åtte av drukningsulukkene har skjedd etter fall frå land, åtte av ulukkene har skjedd etter fall frå fritidsbåt, inkludert éi ulukke med kite, og sju under bading.

Det har også vore éi drukningsulukke i samband med dykking og éi frå eit yrkesfartøy. Éi ulukke er kategorisert som «anna», etter at ein mann omkom då han prøvde å redde eit barn.

Av dei 25 som har drukna i juni og juli, var det éi kvinne og 24 menn. Ein av dei omkomne var eit barn under 16 år.

Powered by Labrador CMS