nyhende

Trufaste medlemmer i Førde kvinne- og familielag vil sørga for nybaka bollar i år som alle tidlegare år. Dette biletet er frå fjorårets skaparverkets dag i fjor. Frå venstre Hjørdis Kallevik, Anne Lise Olsen, Tove Bjørge Ottesen, Unn Rognerud og Helene Kalkvik.

14. året med marsj i Førde

Søndag 7. juni blir det skaparverkets dag i Førde. Det startar med gudsteneste i Førde kyrkje der ein fokuserer på skaparverket og dei utfordringane mennesket står ovanfor i samband med skaparverket.

Publisert Sist oppdatert

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi i Prestehagen, der Førde kvinne- og familielag stiller med bollar, kaffi og saft. Deretter blir det turstimarsj på stiane i Førde. I år er det 14 års jubileum for marsjen, som går gjennom den vakre rhododendronparken.

– Me pleier å ha ein stopp ved statua «Tru, håp og kjærleik» som Kenneth Ravn Ottesen har laga, men på grunn av Korona-situasjonen blir nok denne plassen for trang. Me kan ikkje hopa oss saman slik som før, det blir nok ein lang strek gjennom parken i år, seier sokneprest Arild Steinsland. Han er svært glad for at årets arrangement likevel kunne gjennomførast.

Powered by Labrador CMS