NPK-NTB/Vestavind: Ifølgje tal som VG hentar frå Folkehelseinstituttet er 13 personar som er folkeregisterte i Sveio smitta siste døgn, og trenden for kommunen er framleis stigande.
10 personar er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.
NPK melder at det det siste døgnet er det registrert 4.864 nye koronasmitta personar i Noreg. Det er 747 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.733 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.687, så trenden er stigande.
Smitterekorden vart sett torsdag 9. desember med 5.355 nye koronasmitta på eitt døgn.
Måndag var 358 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 27 fleire enn dagen før og ny rekord så langt i pandemien.
Over 300.000 smitta
109 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 62 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og fire fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har no 322.744 personar testa positivt for covid-19 i Noreg.
Til saman er 1.136 koronasmitta personar døde her i landet sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast. Seks av ti døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.
Vere der for kvarandre
På ein hasteinnkalla pressekonferanse måndag kveld vart det kunngjort fleire nasjonale tiltak som har som mål å avgrense smittespreiinga.
Regjeringas hovudgrep for å få kontroll over situasjonen er i første omgang full skjenkjestopp, gult nivå i skulen og strenge reglar for arrangement. I tillegg er alle som kan ha heimekontor pålagt dette.
– Det blir jul. Du kan reise heim i jula, og du kan vere med dine næraste. Vi kan ikkje vere så mange saman, men vi kan vere der for kvarandre, sa statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen måndag kveld.