nyhende
127.272 passasjerar reiste med «Bømlafjord» i 2024
Alle kategoriane trafikken blir målt på viser oppgang frå 2023 på sambandet Langevåg-Buavåg. Størst auke er det på personbileiningar.
På fylkesvegferjene auka talet på køyretøy med 3 prosent. I 2024 var det 3,2 millionar køyretøy som reiste med ferjene, eller nær 4,5 millionar personbileiningar (PBE), skriv Skyss i ei pressemelding.
Auka på alle punkt
Vestavind har fått ut tala for ferjesambandet Langevåg-Buavåg, og dei viser at det også er auke i dette sambandet frå 2023 til 2024.
På Langevåg-Buavåg var det i 2024 (2023 i parantes):
- 127.272 passasjerar (124.446)
- 83.510 køyretøy (eksl. MC) (79.169)
- 114.296 såkalla personbileiningar (105.956)
8.340 fleire personbileiningar
Det vil seia at det reiste 2.826 fleire passasjerar med ferja i fjor enn i 2023. Tilsvarande auke for køyretøy er 4.341 og 8.340 for PBE.
Omrekna i prosent gir det ein auke på om lag 2,3 prosent i passasjertal, 5,5 prosent auke i talet på køyretøy og heile 7,9 prosent auke i PBE
Langevåg-Buavåg hadde med andre ord nesten dobbel så stor prosentvis auke på køyretøy som snittet for alle fylkesvegferjene i 2024.
Fleire tunge køyretøy
Personbileining er ei måleining som blir brukt for å talfesta kor mange personbilar ei viss trafikkmengde eller ei viss samling køyretøy tilsvarar. Personbilar og varebilar blir rekna som 1,0 PBE, lastebilar og bussar 1,6 og vogntog 2,6.
Ser ein på skilnaden mellom køyretøy og PBE, viser tala at det var ein tydeleg auke i større køyretøy som brukte ferjesambandet i 2024.