nyhende

120 ordførarar støttar opprop om ei betre opplæringslov

Éin av tre norske ordførarar har skrive under på eit opprop for å sikre nynorskkrav til læringsressursar laga for bruk i skulen.

Publisert Sist oppdatert

Ein av ordførarane som har signert er Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).

— Eg har signert oppropet fordi eg er einig i at læremiddelsituasjonen må bli tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy. For å få nynorsk læremiddel og læringsverktøy i skulen er det viktig at me har ein opplæringslov som er klar i kravet til desse. Som ordførar i ein nynorsk kommune er det vintig å vere pådrivar for at ein sikrar godt tilbod og produkt på nynorsk i klasseromma, seier Erve.

Læremiddel både på nynorsk og bokmål

Det såkalla parrallellitetskravet seier at læremiddel skal kome på både bokmål og nynorsk på same tid og til same pris. Ved dei fleste skular har digitale læremiddel vorte ein stor del av opplæringa, men ikkje alle er å finne på nynorsk.

— For nær 50 år sidan vedtok Stortinget at lærebøkene skulle kome til same tid og pris. Dette prinsippet står framleis fast, men i dagens digitale skulekvardag må dette prinsippet fornyast til også å gjelde læringsressursar som er laga for bruk i opplæringa, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding frå Mållaget og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Ny lov ikkje god nok

No har 120 ordførarar over heile landet skrive under på eit opprop for å sikre digitale læringsressursar på nynorsk. Oppropet slår fast at den nye opplæringslova ikkje er god nok for lærarane og nynorskelevane.

Vidare heiter det at: «Språkdeling i ungdomsskulen og krav om nynorske skriveprogram er veldig bra, men situasjonen i nynorskklasseromma er så alvorleg at utan endringar i Stortinget vil den nye opplæringslova føre til svært ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane.»

— Vi er svært glade for at 120 ordførarar frå både nynorsk-, bokmåls- og språknøytrale kommunar stiller seg bak oppropet for like vilkår for nynorsk- og bokmålselevar, seier Sara Sekkingstad, ordførar i Alver kommune og leiar i LNK, som peikar på at situasjonen i nynorskklasseromma er svært alvorleg.

Politisk breidde

Ordførarane representerer heile den politiske breidda frå Frp, H, KrF, Venstre, Sp, Ap og SV og heile Noreg.

— No vonar vi desse ordførarane vert lytta til. Dei fleste representerer Ap og Sp, så regjeringspartia bør merke seg kravet frå sine eigne. Dette vil ha mykje å seie for nynorskopplæringa i framtida, seier Lofnes Hauge.

Utdanningskomiteen skal dei næraste dagane skrive innstillinga, og saka blir truleg avgjort no i mai, står det i pressemeldinga.

Powered by Labrador CMS