nyhende

ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

12 førarar fekk dobbelt å betala

Under ein fartskontroll på Haukås torsdag ettermiddag køyrde 23 førarar for fort. Men det vart skrive ut langt fleire forenkla forelegg.

Publisert Sist oppdatert

Fartskontrollen pågjekk mellom 14.00 og 17.00 torsdag i 80-sona på E 39 sør for Haukås. 23 førar køyrde for fort, og høgaste fart vart mål til 111 km/t. Vedkommande som køyrde fortast er anmeldt.

Årsaka til at det vart skrive ut langt fleire forelegg enn det var førarar som køyrde for fort, var at 12 av dei køyrde mot innkøyring forbode-skiltet ved busshaldeplassen på Haukås då dei skulle stogga etter lasermålinga.

Det er berre bussar som har lov til å svinga inn første innkøyring til busshaldeplassen når ein kjem sørfrå. Personbilar må litt lengre ned og svinga inn der ein tar av til Nese. Det gjeld også for bilar som er tekne i fartskontroll.

Dei 12 som køyrde feil, fekk kvar si bot på 5.500 kroner.

Dette kostar det å køyra for fort i 80-sona:

  • til og med 5 km/t – kr. 800
    til og med 10 km/t – kr. 2.100
    til og med 15 km/t – kr. 3.400
    til og med 20 km/t – kr. 4.700
    til og med 25 km/t – kr. 6.400
    til og med 30 km/t – kr. 8.500
    til og med 35 km/t – kr. 10.200
    Over: Førerkortbeslag
    Kjelde: Lovdata
Powered by Labrador CMS