nyhende

første versjon 5

11 parti svarar på 5 spørsmål

Alle parti vil Sveio godt og ynskjer ting som meir næring og styrka eldreomsorg. Men dei er ikkje einige om alt og fordelt på elleve parti. Me har bede partia svara på fem spørsmål for å gjera det lettare å forstå skilnaden på dei.

Publisert Sist oppdatert

Annakvart år skal veljarar setja seg inn i valprogram og gjera si vurdering av kven som fortener deira stemme. Det kan vera vanskeleg i eit hav av velmeinande og kløktig formulerte politiske valløfter.

Difor har me spurt dei elleve partia som stiller til val i Sveio om å svara på spørsmål frå oss. Det er fem spørsmål, og me har bede dei vera tydelege og konkrete.

Ynskjer nokon meir næring? Ja, då bør ein kunna forklara kva næring, og korleis ein konkret skal få den til Sveio.

Spørsmåla er følgjande:

1. Kva er den viktigaste saka for partiet dykkar?

2. Kva vil de konkret gjera for å auka folketalet? Nemn berre konkrete tiltak.

3. Vil de behalda dagens skulestruktur? Viss ja, kva er lågaste elevtal før dykk ynskjer ei endring?

4. Vil de auka antal plassar på Sveio omsorgssenter? Viss ja, kvar skal pengane til utviding og vidare drift hentast frå?

5. Kva er den viktigaste vegen å prioritera først?

Me håpar det er til hjelp. Godt val!

Kristeleg Folkeparti

1. Me må få opp aktiviteten i heile kommunen og snu negativ folketalsutvikling til positiv.

2. Oppretthalda dagens verdibrev, men også vurdera direkte støtte for kvart einskild barn som blir født. Me må også leggja til rette med fleire tomter og bustadar som passar førstegongskjøparar. Oppretthalda moglegheit for spreidd busetnad i heile kommunen.

3. Ja. Ei endring i skulestruktur er ikkje tema i denne perioden, men om foreldregruppene (FAU) ynskjer endring, skal me vurdera dette. Me har ikkje ei politisk sett nedre grense på elevtal.

4. Ja, når me får fleire eldre er det naturleg å utvida kapasiteten på eldreomsorga. For å dekkja inn dette vil det væra naturleg å ta desse midlane frå einingar som får lågare tenestebehov på grunn av færre brukarar. Fallande barnetal vil mellom anna gje oppvekst lågare utgifter.

5. Fullføring av Fv. 541 frå Sveio til Grimstvedt er svært naudsynt å bli ferdig med.

Tverrpolitisk Felleliste

1. Styrke Sveio sentrum med store og viktige investeringar som symjehall, nyskapande aktivitetsanlegg og ny barnehage, for å ruste Sveio for framtida. Det vil kome både sentrum og bygdene til gode, og gi Sveio eit godt omdøme til å auke folketalet.

2. Me vil følgje opp intensjonane i den vedtekne økonomiplanen for 2023-2026 ved å byggje ny kommunal barnehage, nytt symjeanlegg og ny idrettshall.

I tillegg vil me samarbeide med Sveio ungdomslag om å etablere frisbeegolfbane.
Me vil også lage fleire turstiar i heile kommunen, og realisere sykkelsti til Ekrene/Rophus langs Fv. 47 saman med Vestland fylke.

Prioritere skulen med fleire lærarar, byggje eldretun nær sentrum, byggje nye bustadar for dei som treng habilitering på tomta til gamle Sveio barnehage.

Me vil at kommuneplanen skal opna for fleirmannsbustadar, leilegheiter og mindre tomter med einebustadar i sentrum, og større tomter med einebustadar landleg og i bygdene der det gjerne er mogleg å ha sin eigen kolonihage til sjølvforsyning.

Sveio kommune skal vere positive til nye og etablerte næringsdrivande som vil skape arbeidsplassar. Den beste måten å få det til på, er å ha oppdaterte reguleringsplanar, positiv innstilling (Ja-kommune). Kommunen må syte for god infrastruktur som vatn, kloakk, straum og breiband til næringsareal som ikkje er utvikla.

3. Me står fast på vedtaket frå eit samrøystes kommunestyre, og difor vil me oppretthalde skulestrukturen som er i dag så lenge det er eit elevgrunnlag. Dersom FAU eller SU på den einskilde skule tar initiativ til å sjå på skulestrukturen viss elevtalet går nedover, vil me vere opne for det.

4. Ja. Me ynskjer å sikre eit forsvarleg tilbod ved Sveio omsorgssenter for alle som treng ein plass. Sveio kommune skal strekkje seg langt for å sikre alle som treng det ein plass. Sveio kommune har dei siste åra gått med fine overskot, og me ynskjer at det ikkje skal stå på økonomi ved å ta vare på dei mest sårbare som treng ein omsorgsplass.

5. Tjernagelvegen.

Miljøpartiet Dei Grøne

1. Naturen. Ta vare på natur, strandsone og matjord til beste for sveibuen no og i framtida.

2. Å auka folketalet bør ikkje vera eit mål i seg sjølv. Me må bruka ressursane på å gjera Sveio til ein best mogleg kommune å bu i. Kunne bu landleg, men samtidig ha tilgang på viktige servicefunksjonar gjer oss i stand til å behalda dei innbyggjarane me har og lokka til oss nye.

3. Ja. Me ynskjer ikkje å setta eit minste elevtal. Dette vil senda eit signal om at skulen er nedleggingstrua. I staden bør me jobba for livskraftige bygdesamfunn, for på den måten å stimulera til stabilitet og vekst i bygdene rundt skulane.

4. Ja. Mykje tyder på at terskelen for å få plass på Sveio omsorgssenter bør vera lågare. Samtidig må dette sjåast i samanheng med utvikling av velferdsteknologi og organisering av tenestene som gis. Her må me lytta til brukarane og sjå på løysingar saman med administrasjonen.

5. Rophus til Vikse skule. Trygge gong- og sykkelvegar inn til skular og grendehus er viktig.

Venstre

1. Barn og unge. Fokus på dette vil gjere Sveio til ein betre plass å vekse opp, gje auka bulyst, fleire arbeidsplassar og betre økonomi.

2. Leggje til rette for næringsutvikling i heile kommunen. Dette vil gjere Sveio til ein meir attraktiv plass å busetje seg. Konkrete tiltak kan være oppretting av næringsfond dedikert nyetablering, opprette ein eigen stilling som næringssjef i kommunen og at kommunen bistår med kontorfellesskap for gründervirksomheter.

3. Sveio Venstre vil behalda dagens skulestruktur. Lågaste elevtal må sjåast i samanheng med den einskilde skulen samt skulemiljø. Det er viktig at skulane og bygdene no får ro og føreseielegheit dei neste åra, difor meiner vi dagens skulestruktur må haldast som den er i dag.

4. Ja. Sveio Venstre ynskjer å utvide sjukeheimstilbodet slik at kommunen kan tilby fleire omsorgsplassar. Venstre vil henta pengane til auka sjukeheimstilbod frå auka næringsinntekter i kommunen. Me må òg sjå på mogligheiter innan investering frå private aktørar, samt økonomistyringa generelt i kommunen.

5. Realisering av ny Rophusveg. Ein ny Rophusveg vil føre til auka trafikktryggleik, samt fjerne ein flaskehals for vidare utvikling og utviding av Rophus som bustadområde.

Framstegspartiet

1. Det viktigaste for oss er å gjere Sveio til ein reell ja-kommune, som støttar initiativ og sikrar Sveio positiv utvikling og vekst. Innbyggarane må få bestemme meir over eigen eigedom og utvikling. Vi skal utfordre Statsforvalteren. Det er me i Sveio som skal bestemme hva som er best for vår kommune.

2. Reel Ja-kommune med ein kommuneplan som kommuneplan gir mogelegheiter der folk vil bu eller skape arbeidsplassar.

  • Etablere felles føreseielege retningslinjer for støtte til etablering av anlegg
  • Fjerne/ refundere f.eks søknadsgebyrer til frivillige lag og organisasjonar
  • Sikre videreføring og styrking av driftstilskot

3. Skulestruktur er krevande og noko det ikkje er ønskjeleg at ein har gåande kontinuerlig. Her vil me forhalde oss til gjeldande kommunestyrevedtak

4. Ja. Her vil me først utnytte eksisterande bygningsmasse. Det vil seie: først bruke og tilpasse det arealet som allereie eksisterer og som i dag nyttast til kontor. Avgrensa kostnader til investering. Auka driftskostnadene må påreknast med ein aldrande befolkning. Her må ein sjå på totaliteten og sikre inndekning i samband med budsjettarbeidet. Det styrande må være antal trengande og behovet for sjukeheimsplassar.

5. Fylkesveg 541, meir kjend som Tjernagelvegen.

Sosialistisk Venstreparti

1. Å ta vare på den unike kystnaturen vår. Dette må ligga til grunn for all planlegging og utvikling i kommunen.

2. Meir pengar til skule og SFO gjer kommunen attraktiv for barnefamiliane, og barnefamiliane er me avhengige av for å få ei ønska befolkingsutvikling. Dette må følgast opp med variert bustadbygging.

Me har allereie mange gode einebustadsområde som er attraktive for barnefamiliar. I framtida må me bygga fleire fleirmannsbustadar, særleg med tanke på behova til den aldrande delen av befolkninga.

3. Ja, me vil behalda dagens skulestruktur så lenge det er forsvarleg. Dersom elevtalet fell under 35 elevar i fire samanhengande år, bør skulestrukturen vurderast på nytt. Det var framlegget me fremja i kommunestyret med ein samla opposisjon, og det står me ved.

4. Ja, med utviklinga me ser i befolkninga, så er det naudsynt å sikra god kapasitet i eldreomsorgen. Då er utviding med fleire plassar ved Sveio omsorgssenter absolutt aktuelt. Kvar ein skal finna pengane er sjølvsagt eit av mange vanskeleg budsjettspørsmål, men me må i alle fall vera villige til å skru opp eigedomsskatten.

5. Me bør prioritera Europaveg 39. Dette er ein av våre mest trafikkerte vegar, men der fleire strekningar ikkje held den standarden me ønsker. Trafikktryggleiken er for dårleg, og det manglar sykkel- og gangsti. Men me vil oppgradera vegane på ein måte som er skånsam for naturen og som ikkje kostar altfor mykje. Me ønsker ikkje ny trasé med fire felt – det kostar for mykje, både i pengar og øydelagd natur.

Liberalistane

1. Vår viktigste sak er å gjere Sveio til ein Ja-kommune. Altså ein kommune som er positiv til private initiativ, anten det er byggjesakar, løyver eller konsesjonar. Det er viktig for å få ei god utvikling i kommunen.

2. Me ynskjer å tiltrekke meir næring til Sveio. Dette gjennom regulering av områder, sal av kommunale tomter, og eit godt samarbeid med nærlingslivet slik at vi kan leggje opp til vekst. Meir næringsverksemd vil skape fleire arbeidsplassar som vil trekkje fleire folk til Sveio.

3.Me ynskjer å behalde dagens skulestruktur. Me vil ikkje fastslå eit minimun antal elevar for å oppretthalde skulane, men heller basere oss på ei heilskapeleg vurdering, med kostnadar, effekten på elevar og bygdene, og eventuelt andre mogelege tiltak i staden for nedlegging.

4. Ja, men me ynskjer i første omgang å sjå om det er noko av private tilbydarar som ynskjer å etablere seg i Sveio. Me vil spele på lag med desse, og stille areal til disposisjon, slik at me kan auke kvaliteten på eldreomsorgen, samt framme valfridom i kva tilbod folk nyttar seg av. Dersom det blir aktuelt å auke antal plassar på SOS vil me sjå på kva postar ein kan spare inn midler.

5. Fv. 541 Tjernagelvegen. Denne vegen held ikkje stand mange plassar, og med den auka trafikkmengda forventa etter at nytt fiskeriområde opnar i Langevåg, vil vegen bli enda farlegare og ferdast på enn i dag.

Høgre

1. Det viktigaste er å sikra vekst i kommunen. Det vil me gjera ved å satsa på skule, helse, eldreomsorg og vera positive til initiativ frå næringslivet.

2. Me vil:

  • spela på lag med jobb-skaparane, ved å sikra effektive planprosessar, vera positive i møte med initiativ som skapar vekst og arbeidsplassar i kommunen
  • sikra at Sveioskulen har tilgong på sosialfagleg kompetanse og sosialarbeidarar, eit samlebegrep for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Slik vil me auka trivsel og hindra mobbing.
  • innføra fritidskort for born og unge med mål om at ein skal kunne delta på minst ein organisert aktivitet uavhengig av den økonomiske stoda i heimen. Eit positivt tiltak for folkehelse, inkludering og fellesskap.
  • leggja til rette for bustadbygging i heile kommunen, og satsa på det ein ikkje finn i nærliggande kommunar, til dømes store tomter. Det vil me sikra i kommuneplanen.
  • sikra ei trygg eldreomsorg, og tek til orde for å innføra sambuargaranti. Ein skal kunne få bu i lag til det er døden og ikkje kommunen som skil ein ad.

3. Ja, me er heilt tydlege på at me vil sikra dagens skulestruktur. Å vera trygg på framtida i skulestrukturen er eit viktig tiltak for positiv utvikling i heile kommunen.

Me har ikkje noko nedre grense, og tenkjer at ei eventuell endring i skulestrukturen må kome nedanifrå og vera eit ynskje frå foreldre og føresette.

4. Ja, me ynskjer å ta i bruk kapasiteten på omsorgssenteret dersom det er behov for dette. For å sikra gode tenester vil me sjå på korleis me brukar pengane våre, og om me kan drifta smartare og billigare.

5. Tjernagelsvegen Fv. 541 (Grimstveit-Krossleitet), då den har best mogelegheit for finansiering i fylkeskommunen.

Industri- og næringspartiet

1. Den viktigste saka for Sveio INP er å legge til rette for vekst og utvikling. Det er sjølsagt eit breiere segment enn enkeltsak, men den økonomiske gevinsten og trivselen blant folk vil legge eit grunnlag for ei betre drift og flere økonomiske ressurser til kvar sektor. Som for eksempel skule sjukeheim, fritidstilbud og infrastruktur.

2. Legge til rette for tilflyttarar, nybyggarar, bedrifter og føretak. Selja kommunale tomter til sjølvkost. Me vil etablera ein digital informasjonshub kor bedrifter kan knytta seg til kunnskap frå ekspertar. Korte handsamingstider i kommunale administrative saker til ein pris som dekker sjølvkost.

3. Me skal behalde dagens skulestruktur, og det blir feil å setta eit minimum antal elevar. Ein må jobba for å løysa problemet når den problemstillinga kjem.

4. Ja, me vil auka antall plassar på sjukeheimen og sjå på økonomiske løysingar for å dekke kostnaden. Kombinera nokon av tenestene med private aktørar. Sjå korleis ein kan omstrukturera delar av drifta etter den nederlandske Buurtzorg-metoden. I følge undesøkingar gjort for NHO Service så skal det være mogleg å auka kvaliteten på sjukeheimstjenesta og samtidig drifte det meir økonomisk.

5. Utbetra resten av vegen til Buavåg, Fv. 541.

Arbeidarpartiet

1. Jobbe vidare for eit sterkt sentrum OG attraktive bygder i heile Sveio. Sentrum og bygder er gjensidig avhengig av kvarandre. Eit døme er å fullføre planar for eit framtidsretta sentralidretts- og kulturanlegget ved Vigdartun og få på plass tiltaka som kom inn i Bulyst-prosessen innanfor ansvarlege økonomiske rammer i samarbeid med innbyggarar, lag og organisasjonar.

2.

  • Kommunen sine tilsette skal ha moglegheit til 100 prosent stilling.
  • Vidareutvikle næringsområda me har.
  • Etablere eit nytt næringsområde langs E39, i samarbeid med private utbyggingsaktørar og grunneigarar.
  • Bruke Bulyst-rapporten aktivt for å realisere og støtte oppunder forslag til tiltak.
  • Etablere eit kommunalt utviklingsselskap.
  • Gi tilskot til eventuelle Liv og lyst-søknadar frå krinsane i heile kommunen.
  • Syte for trygge skulevegar i heile kommunen, der turstiar i fleire tilfelle kan vere eit godt alternativ, slik me no jobbar med i Auklandshamn saman med Vestland fylkeskommune.
  • Innføre fritidskort til barn og unge.
  • Realisere planar for utviding av sentralidrettsanlegget i Sveio med badeanlegg og nyskapande aktivitets- og idrettshall ved Vigdartun.
  • Vurdere eigarskap i regionale næringsprosjekt.
  • Ferdigstille ny kommunal barnehage i Sveio sentrum.
  • Behalda dagens skulestruktur
  • Kommunen skal kjøpe/ investere i bustadeinigar, i samarbeid med utbyggingsaktørar, for å sikre at me har bustadar til alle som treng det.
  • Støtte frivillige lag og organisasjonar som aktivitetstilbod til alle innbyggarar.
  • Ferdigstille reguleringsplan for Tjernagelvegen
  • Jobbe for gul midtstripe på Fv. 47
  • Vidareutvikle Vigdarvatnet som badeplass og turområde.
  • Gi årlege tilskotsmidlar til sosiale møteplassar og nærmiljø.

3. Me vil behalda dagens skulestruktur.

4. Per dagens dato nei, me har fleire ledige plassar om det trengs. Dei som har behov for plass på omsorgssenteret skal vere trygg på at dei får det. Men, antal sjukeheimsplassar løyser ikkje åleine framtidas behov, eldreomsorg inneber også til dømes å hjelpa dei som vil å bu heima lengst mogeleg.

5. Fv. 541, Tjernagelvegen. Me må få vedtatt reguleringsplanen slik at me er posisjon til å få pengar frå fylket. Delar av Fv. 47 mellom Haukås og Haugesund vil ligge inn i bypakken til Haugesund og Karmøy. Me må difor prioritere Tjernagelvegen då den er avhengig av handsaming i kommunestyret for å komme vidare.

Senterpartiet

1. Det er næringsutvikling. Får me til at små og stor næringar etablerer seg i kommunen samstundes med at me legg til rette for eksisterande, så kan det skape fleire arbeidsplassar. Dette kan igjen gje bulyst i heile kommunen, og då får me skatteinntekter og folkevekst.

2. Ta imot flyktningar og busetje dei andre stader i kommunen. Det har kome signal om at det ikkje er tilstrekkeleg med bustadar til utleige i Førde og Sveio.

Legge til rette for bustadområde i heile kommunen, både hus og leilegheiter. Då med ein ferdigstilt kommuneplan kor dette er mogeleg, og ein positiv administrasjon.

3. Me vil behalde skulestrukturen slik den er i dag. Vi vil ikkje fokusere på lågast elevtal. Me vil fokusere på utvikling og befolkningsauke, og i ei slik skulesak så bør det heller kome ytring frå FAU viss dei ønskjer endring.

4. Nei. Me vil arbeida for å utvikla levande og aldersvennlege lokalsamfunn, eigna bustadar å bu i, auka bruk av velferdsteknologi, faste team i heimetenesta. Me vil arbeide for at det blir enklare å bu heime i si eiga bygd, men i ei lettstelt leilegheit.

5. Tjernagelvegen, Fv. 541.

Powered by Labrador CMS