nyhende
11 ekstra skogbrannhelikopter i beredskap
Direktorat for samfunnstryggleik og beredskap har sett 11 ekstra skogbrannhelikopter i beredskap over heile landet på grunn av den overhengande skogbrannfaren.
– Etter ei totalvurdering er det vedteke å setje ekstra beredskap med 11 helikopter i vurderingsperioden då det er meldt høg skog- og grasbrannfare, vind og lokale lyn- og torebyer, skriv DSB på nettsidene sine.
I ei melding på Twitter skriv dei kvar maskinene står og kor mange dei er: DSB har gjort ei vurdering og set ekstra beredskap med desse maskinene: 2 Kjeller, 1 Sauda, 1 Voss, 1 Værnes, 2 Kjevik, 2 Aurland/Sogndal, 1 Sola, 1 Tana. Den faste beredskapsmaskina står på Torp.