nyhende

Østfold og Akershus er fylkeskommunane med størst nedgang i dødsulykker på vegane så langt i år. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Østfold og Akershus er fylkeskommunane med størst nedgang i dødsulykker på vegane så langt i år.

102 personar har omkomme i trafikkulykker hittil i år

Hittil i år har 102 menneske mista livet i trafikken, 19 fleire enn på same tid i fjor. 10 av dei er syklistar, dobbelt så mange som per 1. desember i fjor.

Publisert Sist oppdatert

I november døydde fire personar i trafikken, éin av dei på sykkel, viser Statens vegvesen sine førebelse tal.

Sju personar har omkomme på vegane i Oslo hittil i år, det høgaste talet på 13 år. Flest har omkomme i ulykker i Vestland (16) og Innlandet (14).

– Det er for tidleg å seia noko om årsakene til ulykkene i år, men fem av dei sju ulykkene i Oslo var med sårbare trafikantar som fotgjengarar, syklistar og elsparkesyklistar. Dette viser at me må ha ekstra merksemd på denne gruppa. Me må leggja endå betre til rette for at alle skal kunna sykla og gå trygt i byane, seier Ranes.

Østfold og Akershus er fylkeskommunane med størst nedgang i dødsulykker på vegane så langt i år. I begge fylka er talet på omkomne i trafikken halverte sidan i fjor. Dei andre fylka har mindre aukar samanlikna med 2024.

Powered by Labrador CMS