nyhende

Ei nasjonal undersøking viste i fjor at 72 prosent er heilt eller noko einig i at det er rett å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan. Likevel blar nordmenn opp fleire hundre millionar kroner kvart år for å kjøpe fyrverkeri. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK
Ei nasjonal undersøking viste i fjor at 72 prosent er heilt eller noko einig i at det er rett å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan. Likevel blar nordmenn opp fleire hundre millionar kroner kvart år for å kjøpe fyrverkeri.

100 millionar går opp i røyk nyttårsaftan

På få timar nyttårsaftan går fleire hundre millionar kroner frå private lommer opp i lufta i form av fyrverkeri. Talet på hushald som kjøper fyrverkeri har auka årleg etter pandemien, sjølv om styresmaktene og dyrevernarar ønskjer å redusere privat bruk.

Publisert Sist oppdatert

I fjor omsette fyrverkeribransjen for 480 millionar kroner, ifølgje Norsk Fyrverkeriforening. Om lag ein million norske hushald bidrog til det store fyrverkerisalet.

Likevel er folkemotstanden mot fyrverkeri stor.

– Folk er lei av den belastinga fyrverkeri er for dyra, seier Siri Martinsen i dyrerettsorganisasjonen Noah, til Nynorsk pressekontor.

Nye vanar etter pandemien

Så mykje som 70 prosent av barnefamiliane seier at dei kjøper fyrverkeri til nyttårsfeiringa, ifølgje ei gransking frå Norsk Fyrverkeriforening.

– Av dei resterande 30 prosentane oppgir halvparten at dei feirar saman med ein anna familie som har kjøpt fyrverkeri, skriv Mari Lunde, talsperson for Norsk Fyrverkeriforening, til Nynorsk pressekontor i ein e-post.

Under pandemien måtte mange arrangere si eiga nyttårsfeiring. Eit generelt forbod mot folkesamlingar gjorde at fleire valde å feire heime, i staden for å delta på felles oppskytingar.

– Ein del av veksten etter pandemien skuldast prisstigning. Samstundes kjøpte mange fyrverkeri for første gong under pandemien, og fleire har halde fram med denne tradisjonen også i åra etterpå.

Kan forby fyrverkeri

Organisasjonen Noah har gjentekne gonger oppfordra til å avslutte fyrverkeri-tradisjonen, med grunngjeving i at det skremmer både husdyra våre og ville dyr i naturen.

Ei nasjonal undersøking utført for Norges ingeniør og teknologorganisasjon (NITO) i 2024 viste at 72 prosent er heilt eller noko einig i at det er rett å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan, om kommunen arrangerer offentleg fyrverkeri.

For to år sidan kom eit fleirtalsvedtak i Stortinget om at kommunane skulle få myndigheit til å forby privat bruk av fyrverkeri av omsyn til natur og dyr. Regjeringa har til no ikkje følgt opp vedtaket.

Vil ha andre løysingar

– Vi har kontakt med fleire kommunar som ønskjer dette, då er det viktig at stortingsvedtaket blir følgt opp, seier Siri Martinsen.

Martinsen og Noah ønskjer seg heller lysshow eller droneshow til nyttårsfeiringa.

– Det er plutselege lys og høge smell som er verst for dyra. Då er desse alternativa meir dyrevennlege. Hadde privat oppskyting av fyrverkeri vore forbode, hadde det truleg vore større oppslutning til dronar og lysshow.

Powered by Labrador CMS