nyhende

PolitiHaukås
Onsdag var det ny kontroll på E39 i Sveio (arkivfoto).

1 kilometer i timen frå å mista førarkortet

Ein kontroll på Haukås onsdag gav Utrykkingspolitiet mykje å gjera.

Publisert Sist oppdatert

Det er mogelegvis ein av dei vanlegaste stadene kor Utrykkingspolitiet held kontroll. På strekninga sørover frå Haukås og krysset mellom E39 og fylkesveg 47, vart fleire tekne onsdag.

– 18 forenkla førelegg grunna fart i 80-sona. Den høgaste var 115 kilometer i timen, seier betjent Idar Helland i den lokale UP-patruljen.

Å køyra 115 kilometer i timen i ei 80-sona betyr at ein berre er 1 kilometer i timen unna frå å få førarkortet beslaglagt.

Kontrollen varte frå klokka 10 til rundt klokka 15. I den tida vart det skrivne ut tre forenkla førelegg til sjåførar som ikkje stansa ved stopp-skiltet mellom fylkesveg 47 og E39.

Vidare vart eit forenkla førelegg skrive ut grunna forbikøyring i sperreområdet, og to lette motorsyklar vart kalla inn til teknisk kontroll hos Statens Vegvesen.

Powered by Labrador CMS