nyhende
1. juni er verdas melkedag – salet stig historisk mykje i Noreg
Tysdag 1. juni blir verdas melkedag feira, og det blir skålt i mjølk verda rundt. I Noreg er det i år ein spesielt god grunn til å heva glasa: Nordmenn kjøper meir mjølk enn på lenge, og etter fleire tiår med fall i forbruket av mjølk og meieriprodukt, stig salet historisk mykje, skriv melk.no i ei pressemelding.
Koronakrisa har styrkt haldningane nordmenn har til mjølk og mjølkeproduksjon, og fleire meiner òg at mjølkeproduksjon er ein viktig del av ein berekraftig og sunn matproduksjon. Det er gode nyheiter for dei hardtarbeidende mjølkebøndene i Noreg og i resten av verda.
Det finst rundt 133 millionar mjølkegardar i verda, 6900 av desse finn me i Noreg.
Alle typar meieriprodukt fortsette ein betydeleg auke i første kvartal i 2021 – mjølk, ost, yoghurt, rømme og fløta. Sistnemnde produkt auka aller mest med 8,3 prosent pr person. Auken starta frå nedstengningen i Noreg i mars 2020