næringsliv

Dommersnes-utbugginga blir utsett. Arkivfoto: Økland Foto
Dommersnes-utbugginga blir utsett.

Vil kome i gang på Dommersnes

Utsettinga av fase 1 på Dommersnes skapar irritasjon blant politikarane i Vindafjord. Fleire ser på dette som eit løft for industriområdet som bør realiserast uavhengig av om det blir havvind og fleire fasar.

Publisert Sist oppdatert

(GRANNAR): — Eg har alltid sett det slik at fase 1 står på eigne bein, fordi det er det som er avtalen for å få området til å utvikle seg, uansett kva det måtte brukast til framover, sa Modolf Haraldseid (H).

Vindafjord kommune og Westcon Yards er likestilte eigarar av Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port. Styret i selskapet vedtok nyleg å utsetja oppstarten av fase 1. Dette er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes, som omfattar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri.

Dyrt arbeid

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidavis Grannar.

Saka kom opp i formannskapet etter eit brev der Øyvind Valen (Ap) bad ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen. om ei orientering. Han viste til omtalen av fase 1 i selskapsavtalen mellom kommunen og Westcon, der det mellom anna står:

«Ved oppstart av fase 1 kjøper selskapet etter planen den kommunale eigedommen på Dommersnes til ein verdi lik takst, 60 millionar kroner, og det blir oppretta ein seljarkreditt for kommunen. I fase 1 forpliktar Westcon seg til å forestå planering av 40–50 mål av eigedommen til same nivå som dagens kaiområde for eiga rekning. Verdiauken eigedommen får som følgje av dette arbeidet, tilhøyrer Westcon og skal kunne konverterast som eit kapitalinnskot inn i selskapet.»

Kommunedirektøren greidde ut om eit eigarmøte 11. november. Der orienterte Westcon om at for at dei skal gå i null, er dei avhengige av ein høgare pris på steinen frå anleggsfasen enn dagens marknad tilseier.

— Dagens pris på steinen er eit godt stykke lågare enn det dei har sett som grense for å gå i gang, sa Folven Bergesen.

Samla sett meiner Westcon, ifølgje kommunedirektøren, at det ikkje er rekneskapsmessig forsvarleg å starte fase 1 no så lenge det ikkje føreligg avtalar om utleige av arealet, og det framleis er så mange uklare signal om havvind, også frå regjeringa si side.  Han understreka at Westcon er villige til å ta eit tap, men ikkje eit så stort tap som situasjonen no krev.

Powered by Labrador CMS