næringsliv
Veronika (38) startar eit nytt kapittel i familieverksemda
Onsdag 1. september 2021 var det eit generasjonsskifte i møbelforretningen til familien Vikse frå Sveio. Farfaren la grunnsteinane for verksemda som Veronika Vikse no overtar – ein butikk som går for fulle seil og held stø kurs.
Det er gode tider i møbelbransjen. Laurdag blei det sett rekord for august-salet – denne eine dagen omsette møbelforretningen på Solvang for over éin million kroner. Det er 20 prosent betre enn tilsvarande dag i galmannsåret 2020 – då «alle» var heime og brukte pengar på å laga det fint rundt seg.
Bohus Vikse Møbler, som nå er omprofilert til Bohus Haugesund, har hatt butikken på Solvang sidan 1976. Motar har kome og gått – i den tida var det salongar i rosa, lysegrøn og beige velour det gjekk i, gjerne med frynser, duskar og det som var, minnest Svein-Inge Vikse, som har hatt dagleg leiar-rolla sidan 1987. No er det dottera som skal ta familiebedrifta vidare.
Nytt kapittel
Veronika Vikse kjenner godt til både verksemda og bransjen. Ho har vore tilsett sidan 2005, og har sidan gått gradene frå å vera både selgjar, økonomimedarbeidar og økonomiansvarleg. Den siste tida har ho fungert som dagleg leiar, men først no er det offisielt, skriv Bohus Haugesund i ei pressemelding.
– Me gler oss til eit nytt kapittel i Bohus Haugesund si historie. Det har vore vårt håp og mål at møbelforretninga skal førast vidare av yngre familiemedlemmer. Derfor er det ein stor dag når me ser nok eit generasjonsskifte, over 50 år ettar at Magnus Vikse først starta møbelforretningen Vikses Møbler i Haraldsgata 103, seier styreleiar Idar Vikse på vegner av styret og eigarane.
Diskuterte med familien
Det siste året har Veronika vore i rolla som leiar, men med faren ved roret.
– Eg har vakse meg inn i rolla, og har fått venna meg til tanken forsiktig. For nokre år sidan var det ikkje naturleg for meg å ta over, eg måtte kjenna på det, og diskutera med familien, det er ikkje ein 8-16-jobb. Eg har mange rundt meg som er til god hjelp, det skal nok gå fint, seier Veronika, som har ansvar 25 tilsette med både lærlingar og ekstrahjelpar.
Nøkkelperson
Veronika starta i verksemda for 16 år sidan, ho har vore ein nøkkelperson sidan dag éin.
– To nye Bohusbutikkar er starta, me har opplevd finanskrise, storflaum i Odda, brann i butikk og no nyleg koronaepidemien, som har ført med seg nedstenging, permittering og generell usikkerheit. Veronika har vist seg å vera både handlekraftig og ansvarsbevisst, og har saman med leiargruppa, varehussjef og eit team av dyktige tilsette leia verksemda gjennom ein periode med full nedstenging og omsetningsrekord. Dette gjer styret trygg på at ho er rett person til å leia verksemda vidare som dagleg leiar, seier Idar Vikse.
Stort varelager
Korona har kome med gode tider for møbelbransjen. Nedturen dei trudde ville komma i år har uteblitt, det har helst gått andre vegen.
– Me har heile tida klart å serva kundar og behovet som har vore. Enkelte produkt har lengre leveringstid, men til no har me klart å halda fristane, seier Veronika, som fortel at dei aldri før har hatt så mange varer på lager.
– Ønskjer nokon seg ei ny spisestove til jul, skal me nok ordna det, seier 38-åringen, som også er mor til tre.
Korona har ført til at det er stopp sentrale hamner ute i verda, slik at haugalendingane i framtida kan risikera å ikkje få det dei har bestilt til førespegla dato. Varene blir sendt i konteinarar, som også har blitt mykje dyrare å frakta. Det kan på sikt føra til ei prisauke.
Ville vore stolt
Då avgjerda var tatt og dei rette papira signert, kjende Svein-Inge Vikse at det var vemodig, men også rett på same tid. Han ser tilbake på ei fantastisk tid, og at det no går så godt er ein draum.
Etter mange år med tunge løft, tilseier helsa at han nå må trappa ned. 63-åringen har derfor fått ei anna rolle, som ikkje krevjer at han er på jobb kvar dag.
– Eg ville eigentleg vera vaktmeister, men som marknadsansvarleg kan eg jo krevja meir lønn, eg har høyrt at dei får så godt betalt, spøker Vikse, som ikkje har tatt for gitt at han kunne gi butikken vidare, slik som faren gjorde for 36 år sidan.
– Eg trur han ville vore skikkeleg stolt. Han fekk oppleva at Veronika begynte å tutla her. Han humra av det, seier Vikse, som er av den utadvendte typen. Faren var stikk motsett, og dottera midt i mellom.