næringsliv

– Utan midlane kunne me slått oss konkurs

Sjølv om det kan høyrast lite ut, betyr støtta til nokre av dei næringsdrivande i Sveio mykje. Kaien AS kan driva vidare i år, og Støle Ferieleiligheter har fått meir ro i forhold til vidare drift.

Publisert Sist oppdatert

Grunna pandemien har mange føretak lidd store tap. Ikkje alle har hatt ordningar å søka på, derfor var dei 730 000 kronene Sveio kommune kunne dela ut kjærkomne for dei 20 søkjarane.

– Støtta har mykje å seia. Det er ikkje store summen, men utan pengane kunne me slått oss konkurs, for me kan ikkje driva slik det er no. Pengane me får dekker skattekrav. Då kjem me i null, og kan driva vidare, seier Franc Munoz, styreleiar i Kaien AS, etablert i 2012.

Fjoråret blei ikkje som forventa for restauranten med utleigelokale i Førde. Med pandemien gjekk mange bestillingar i vasken og søndagsmiddag utgjekk i ein god periode.
Då årsoppgjeret var klart, var omsetnaden blei halvert. Munoz, som er styreleiar i Kaien AS har fleire aksjeselskap, og har derfor supplert restaurant/kaféføretaket med nødvendige midlar.

For mange gjester

Då dei kunne invitera til søndagsmiddag i fjor, var det med koronaavstand mellom gjestene – vanlegvis kan 80 personar kosa seg innandørs, no var det avgrensa til under halvparten.

– Det var bra belegg, men det enda med at ein del blei irriterte då dei blei stoppa i døra, fortel Munoz.

Restauranten har dei siste månadane vore stengt grunna korona, men dersom det blir mogleg, kan det bli middagsservering frå slutten av mai. Og i beste fall kan dei få opp inntektene, slik at dei kan betala løn frå eige selskap.

– Me prøver å ikkje leggja ned, men av og til går det ikkje an å driva lengre. Me er kjempeglade for støtta me har fått til no, seier Munoz, som synest det er bra at prosessen gjekk såpass raskt. Han håpar det kjem nye støtteordningar til bransjen, for framtida er uviss.

Lite utleige i fjor

Kompensasjonsordninga var spesielt retta mot tre næringar som skulle ha særleg prioritering: reiseliv, arrangement og servering.

Dei to rorbuene til Støle Ferieleiligheter ligg heilt i sjøkanten i Mølstrevåg. For det meste blir dei leigde av utanlandske turistar, men kanskje nordmenn kjem til å dominera på bestillingslista i år? – Rorbuene er nær nabo til Ryvarden, her er det og moglegheiter for båt og fiske, reklamerer Reidun Ann Støle.

Ei av dei som også har fått midlar, er Reidun Ann Støle. Dei to rorbuene ho leiger ut gjennom føretaket Støle Ferieleiligheter stod tomme store delar av fjoråret.

Støle er derfor glad og takksam for tilsegnet som kom denne veka. Alle inntekter til den vesle bedrifta går tilbake til føretaket, og ingen mottar lønn. Derfor har det ikkje vore mogleg å søkja på nokon andre kompensasjonsordningar til no.

Lang sesong

– Det er fantastisk at me får hjelp, det hjelper veldig på, sjølv om tapet er mange gonger større. Det gir meir ro i forhold til å klara seg vidare, seier Støle.

Utleigesesongen startar i mars-april, og varer til langt ut i oktober. Det er mest utanlandske turistar som leiger rorbuene. Støle har drive verksemda i 11 år, og i normale tider er kalenderen tettpakka veke etter veke. Ho ser ikkje føre seg at dette året blir enklare enn fjoråret.

– I fjor fekk me 4-5 veker per rorbu. Det var eit veldig spesielt år, seier ho. Det er mykje dei same gjestene som kjem igjen, og ho veit at det tyskarar som vil komma i år også, om dei får lov – men det blir gjerne ikkje før på seinsommaren.

Powered by Labrador CMS