næringsliv

Treng fleire folk til serviceoppdrag

Helifuel AS på Hanaleite har i år eit rekordhøgt budsjett på 72 millionar kroner og vil med det første lysa etter fleire fagfolk.

Publisert Sist oppdatert

– Me er først og fremst på utkikk etter servicefolk med bakgrunn som mekanikarar, automasjonsteknikarar og elektrikarar, seier dagleg leiar Robert Brandvik.

Han medgir at budsjettet er ambisiøst, men kjenner seg sikker på at dei i alle fall skal passera 60 millionar.

Oppdrag på helikopterdekk

Helifuel AS utviklar og produserer system for fylling av drivstoff på helikopter offshore, på plattformer og oljeriggar. Dette er avanserte system som mellom anna skal hindra at drivstoffet inneheld vatn og annan forureining. Det er desse systema som treng service. Dei siste par åra har verksemda også utvida verksemda si til serviceoppdrag på lysanlegg, merking og anna som finst på helikopterdekka.

– Dei som blir tilsette i slike jobbar må rekna med å reisa ein god del, både til felta langs norskekysten og elles over heile verda. I tillegg kan det bli ein del arbeid her på Hanaleite, fortel Brandvik vidare.

Rekordår i 2024

Helifuel har i dag 22 tilsette på Hanaleite. Seks av desse er knytte til samanstilling av nye anlegg i verkstadhallen. Resten arbeidar med engineering, sal og administrasjon.

Etter eit par dårlege år i 2021 og 2022, går produksjonen av nye anlegg no på høggir fram til oktober. Samstundes arbeidar seljarane på spreng for å sikra nye oppdrag.

Auka etterspurnad har mellom anna samanheng med den store etterspurnaden etter norsk olje og gass som følgje av krigen i Ukraina. Brandvik seier dei tydeleg har merka auka aktivitet på riggmarknaden.

Ringverknader

Stor aktivitet på Hanaleite gir også ringverknader i regionen. Verksemda har ingen underleverandørar i Sveio, men derimot både i Haugesund og på Sunde.

Helifuel AS blei i 2020 oppkjøpt av Swire Energy Services, men har, i alle fall inntil vidare, valt å behalda Helifuel-namnet lokalt. Brandvik er leiar for aviation-avdelinga i konsernet i tillegg til jobben som dagleg leiar på Hanaleite.

Han seier at konsernet ønskjer å ekspandera globalt når når det gjeld dei produkt som Helifuel har utvikla. Denne ekspansjonen vil likevel først og fremst skje andre stader, som USA, Midtausten og Asia.

Powered by Labrador CMS