næringsliv
Støtte til Hordfast på NTP-konferanse
Ordførar André Mundal Haukås er oppløfta etter at han tysdag deltok på ein konferanse om Norsk Transportplan (NTP) i Bergen saman med politikarar og næringslivsfolk frå heile Vestland.
– Eg opplevde dette sin svært positivt. Konferansen viste at vestlandsregionen står samla. Og Hordfast blei løfta fram som eit svært viktig prosjekt, seier sveioordføraren, som også er leiar i Sunnhordlandsrådet.
Høge transportkostnader
Han merka seg blant anna eit innlegg frå NHO si transportavdeling, som dokumenterte kor mykje dyrare det er å frakta varer med bil på Vestlandet, samanlikna med Austlandet. Årsaka til dette er at transporten tar dobbelt så lang tid i vest på grunn av ferjer og dårleg vegstandard.
Haukås er også glad for støtta til Hordfast som kjem frå sør. Harald Minge frå næringsforeininga i Stavanger deltok på konferansen og talte varmt for ferjefri E39.
– Ein kunne jo tenkt fleire vil venda seg sørover om Hordfast blir utsett, og at Stavanger-regionen vil sjå seg tent med dette. Minge gjorde det klart at han vil vera med å byggja heile landsdelen saman.
Støtte også frå sør
NTP-konferansen var eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, LO Vestland, NHO Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og Næringsalliansen. Mellom foredragshaldarane var stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik (Sp), som er leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen. Fleire andre sentrale politikarar og næringslivsleiarar deltok.
– Felles bodskap frå konferansen er at det no er Vestland sin tur fordi samferdslesatsing her gir større verdiar tilbake. Eg er glad for alle innspela som kom her i dag. No dreg vi til Oslo for å leggja fram synet vårt på Transport- og kommunikasjonskomiteen si høyring, seier fylkesordførar Jon Askeland, ifølge ei pressemelding som Vestland fylkeskommune har sendt ut.
Til Oslo på høyring
Noko av det Askeland vil leggja fram i Oslo, er at både vidare utbygging av Bybanen i Bergen, Hordfast og Rv. 13 over Vikafjellet må med i første NTP-periode.
Han er også oppteken av det store etterslepet Vestland har når det gjeld vedlikehald og oppgradering av fylkesvegar.
Transport- og kommunikasjonskomiteen si høyring om NTP skjer torsdag.
– Der ville gjerne også me vore med, men fekk avslag. Stortinget ville ikkje gå lengre ned enn til fylkeskommunenivå, seier Haukås.