næringsliv
Fekk understreka behovet for større bu- og arbeidsregion:
Stortingsbesøk hos Helifuel
Høgre sin fraksjon i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget var torsdag i Sveio, der dei mellom anna besøkte Helifuel på Hanaleite.
Opphaldet i Sveio blei elles mykje lenger enn planlagt, fortel stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Stord.
Sveio i staden for Karmøy
– Me overnatta på hotell i Haugesund og skulle eigentleg starta dagen med eit besøk på Haugesund lufthavn Karmøy. Men på grunn av snøfallet kom me ikkje over Karmsund bru. Bergingsmannen blei då ordførar André Mundal Haukås (H) i Sveio. Han sytte for rom til oss slik at me kunne gjennomføra møtet med flyplassleiinga på Karmøy via Teams, fortel Eskeland.
I tillegg til henne var stortingsrepresentantane Trond Helleland og Erlend Larsen og rådgjevar Karoline Bjørklund med i delegasjonen. Dei hadde også følge av Erik Lahnstein frå NHO Luftfart.
– For oss, og ikkje minst for meg, var det denne gongen viktig å møta leiinga ved flyplassane på Karmøy og Stord, som begge er utanfor Avinor-systemet og driv svært effektivt, seier Eskeland.
Vidare til Stord
Delegasjonen drog vidare til flyplassen på Stord etter besøket på Hanaleite, og tok flyet frå Stord til Oslo etter møtet med flyplassleiinga på Sørstokken.
Besøket hos Helifuel AS hadde til ein viss grad samanheng med at denne verksemda er leverandør til luftfarten, men også for å visa lokal industri sine transportbehov no og i framtida. Helifuel produserer og vedlikeheld system for fylling av helikopter-drivstoff på plattformer offshore. Dei siste åra har dei utvida verksemda til også å omfatta generelt vedlikehald av ulike system på helikopterdekk.
Avhengig av kompetanse
– Det viktigaste for oss er å sikra nok kompetanse. Med stor aktivitet både på Stord og i Haugesund-regionen er kampen om arbeidskrafta hard. Eg skulle difor gjerne sett at bu- og arbeidsregionen blei utvida nordover til Bergen og sørover til Stavanger, sa dagleg leiar Robert Brandvik då han tok imot gjestene i Helifuel sine lokale.
I dag har verksemda i Førde tilsette frå Stord og Bømlo i nord til Sør-Karmøy i sør, noko som ikkje ville vore mogleg utan Trekantsambandet. Ved å nemna utviding av arbeidsregionen blei temaet fort Hordfast, som ikkje minst Eskeland gjerne ville snakka om. Under orienteringa kom elles Brandvik inn på at Helifuel i dag har internasjonale eigarar, Swire Energy Services.
– Typisk for mange
– Dette er typisk for mange industriverksemder langs vestlandskysten. Utan den lokale forankringa på eigarskapssida er det lettare enn me likar å flytta heile produksjonen utanlands dersom me ikkje kan tilby ein infrastruktur som eigarane etterspør, seier Eskeland.
I tillegg til ingeniøravdelinga har Helifuel AS ei avdeling for samanstilling av produkta sine på Hanaleite. Her fekk gjestene mellom anna sjå fyllesystem som er under produksjon for amerikanske kjøparar.