næringsliv
Sommarvibber på Hanaleite
Siste tilskot på etablerarfronten på Hanaleite er på plass – Uteidyll AS satsar på å selja pergola og solskjerming.
Bak det nye føretaket står Jon Terje Kyvik og Anders Aadland, begge tømrarar av yrke. Demo-modellen kom nyleg med trailer, og står nå ferdig montert i Uteidyll sitt show-room på Hanaleite industripark.
Slo til på puben
– Det var i fjor sommar at eg fekk tilbod om bli Renson-forhandlar, fortel Jon Terje Kyvik. Han fekk med seg tidlegare læremeisteren sin, Anders Aadland, og reiste til Oslo for å møta manageren for Renson. Og for å gjera ei lang historie kort, blei dei begge så begeistra at dei slo til der og då.
– Me gjekk på pub og stifta Uteidyll AS. Det var ein fin tur, smiler Kyvik.
Han er også godt nøgd med lokalet på Hanaleite, og har berre godord å sei om både naboar og dei serviceinnstilte utleigarane.
Framtidsdraum
Kyvik har ein draum om at det nye føretaket skal kasta så mykje av seg at han kan trappa ned på snikkarjobbane.
– Eg håpar folk dei neste fem-ti åra er bevisste på å bruka pengar innanlands, ikkje blåsa heile feriebudsjettet på ein utanlandstur, seier Kyvik som er oppvaksen på Stord, nå etablert familiemann på Våga i Sveio. Han trivast svært godt i kommunen.
– Det er vanskeleg ikkje å bli glad i Sveio, her er mykje kjekke folk, fastslår Kyvik.