næringsliv
Næringsforumet meiner Sveio treng 500 nye arbeidsplassar
Styret i Sveio Næringsforum meiner at kommunen må ha som mål å leggje til rette for at fleire kan finne jobb innanfor kommunegrensene, og at arbeidsplassdekninga må opp på minst 50 prosent. Då trengst det om lag 500 nye arbeidsplassar.
Formannskapet i Sveio sende nyleg den komande strategiske næringsplanen for perioden 2022-2027 ut på offentleg høyring sist veke. Høyringfristen er på 9 veker, og siste frist for å kome med innspel er 20. august. Planen skal vere ein arbeidsreiskap for politikarar og kommuneadministrasjon for å kunne ta gode avgjerdsler knytte til næringsspørsmål.
Låg dekning
Det nyleg relanserte Sveio Næringsforum hadde næringsplanen oppe til drøfting då dei inviterte sine medlemer til sitt første frukostmøte sist fredag. Styremedlem Per Ove Økland presenterte på vegner av styret nokre av områda dei meiner bør forankrast som prioriterte oppgåver i planen.
Økland peika innleiingsvis på det faktum at ingen annan kommune på Haugalandet har færre arbeidsplassar (1.535 i dag), målt mot talet på innbyggarar i arbeidsfør alder, enn Sveio (4.096 personar). Arbeidplassdekninga er dermed på berre 37,48 prosent. Til samanlikning har Etne kommune, som er ein utkantkommune og har industrikommunane Vindafjord og Ullensvang som naboar, ei dekning på 55,2 prosent.
Å auka den såkalla arbeidsplassdekninga meiner styret i næringsforumet difor bør vere eit prioritert mål i næringsplanen som skal vedtakast til hausten. Dei meiner det må vere ei målsetting å få dekninga opp på 50 prosent. Då må det etablerast om lag 400 nye arbeidsplassar innanfor kommunegrensene.
Har mykje areal
Styret i næringsforumet trur det ligg store mogelegheiter for å etablere nye næringar, mellom anna knytte til det grøne skiftet. Men for å skape arbeidsplassar trengst nye areal for føremålet. Økland peika på at Sveio, i motsetnad til ein del nærliggande kommunar, har gunstige areal med tanke på etablering av nye næringar, og at nærleiken til både Heiane på Stord og Langevåg på Bømlo er gunstig med tanke på å oppnå synergiar frå desse.
— Eg er kjend med at investorar på Heiane allereie ser på mogelegheit for etablering på andre sida av tunnelen, sa han.
Økland peika på at det berre er dryge åtte kilometer over fjorden frå Heiane, som i praksis er utbygde, til Sveio. Og at den store utbygginga som no skjer i Langevåg, bør kunne gi grunnlag for synergiar i området Buavåg/Auklandshamn.
— Berre sjå på arealet der antennene til mellombølgjesendaren stod i si tid. Det er berre kaifrontane som manglar, så har ein eit bra næringsareal der, sa han.
Også i aksen Haukås-Førde og Haukås-Sveio meiner dei peikar seg naturleg ut som framtidig næringsareal, ikkje minst med tanke på ny E39 som er under planlegging som firefelts motorveg, og som vil få ein av få avkøyring i Sveio nettopp på Haukås. Også ved Våg og på det eksisterande Ekrene næringsområde sør i kommunen meiner næringsforumet det er gode areal for næringsetableringar.
Trepartsmodell
Styret i næringsforumet meiner det òg er viktig å halde fast i den såkalla trepartsmodellen. Der investorar går inn med midlar, grunneigarane stiller areal til disposisjon og kommunen er tilretteleggjar for utviklinga. Han la også til at forslag får det tidlegare Bolyst-prosjektet i Sveio bør forankrast i næringsplanen.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap), som deltok på næringsforumet sitt frukostmøte, er samd i at ein må halde fast i trepartsmodellen.
— Det er ikkje kommunen, men næringslivet sjølv som må etablere næring. Men samarbeid må til, og det er eg og kommunestyret opptatte av at kommunen skal vere med på, understreka ho.
Ho la til at ho håpar det kjem gode innspel til planen.
Styreleiar Nina Matre i næringsforumet oppmoda alle medlemmane i forumet om å kome med innspel til leiinga, som igjen planlegg å samordne innspela.
— Om de vil levere innspel direkte, er også det mogeleg, men då er det fint om me får ein kopi, slik at me er oppdaterte å kva som rører seg, sa ho.