næringsliv

Utsalet på næringsparken:

Tomta på Ekrene stod urørt i tre år, før lokala til Kristoffer Aune AS blei reist. Dei rommar både verkstad, kontor og butikk. Før var dei stasjonert på leigd grunn på Saltveit, nord i Haugesund kommune. Kristoffer Aune og Silje-Marie Hanssen er både sambuarar og kollegaer i verksemda.
Tomta på Ekrene stod urørt i tre år, før lokala til Kristoffer Aune AS blei reist. Dei rommar både verkstad, kontor og butikk. Før var dei stasjonert på leigd grunn på Saltveit, nord i Haugesund kommune. Kristoffer Aune og Silje-Marie Hanssen er både sambuarar og kollegaer i verksemda.

– Me gir den eitt år

Maskinentreprenør Kristoffer Aune starta butikk som eit prøveprosjekt då han likevel reiste nye lokale på Ekrene. – Me gir den eitt år, seier Kristoffer Aune.

Publisert Sist oppdatert

Kristoffer Aune AS er ei entreprenørverksemd etablert i 2009, som påtar seg alle typar oppdrag innan utemiljø. Dagane er hektiske som vanleg. Med seks tilsette, tilsvarande fem årsverk sysselsette ute i felten med traktorar, gravemaskinar og hjullastar, går iallefall denne verksemda rundt. Sjølv har Aune eit avslappa forhold til butikk-prosjektet, som er forankra i Aune Butikk Drift AS.

I butikken til finst det stort og smått av reiskaper og andre saker ein kan ha bruk for.

– Det er klart ei binæring, me driv som maskinentreprenør. Me prøver det ut, og driv vidare om folk benyttar seg av butikken. Det hadde vore kjekt å fått det til, medgir Aune. 28-åringen bur med familien på Viksemarka i Haugesund kommune, men har røter i Sveio, ikkje langt frå Ekrene.

– Morfar Ole Jakob Bjelland var bonde og postmann i Sveio, han budde i Vågedalen.

Travel opningsdag

Silje-Marie Hanssen har vore mykje i butikken dei siste månadane.

– Me opna butikken 20. juni. Det var stappfullt heile dagen, minnest ho med eit smil. Om det gjeld for butikken også, vil visa seg. Tre av 12 månadar av prøvetida har gått, og det er litt tidleg å seia enda, ifølgje dei to, men:

– Det har gått bra til nå. Spesielt når det blir sol og fint vêr kjem det mange kundar, seier Aune. Det går mykje i lausmassar, som bark, singel, sand og kulestein. Betongprodukt er også på lager. Inne har dei også verktøy og hagereiskap og diverse utstyr, for både private, velforeiningar og firma.

Unngår by’n

– Me har høyrt frå kundane at dei set pris på at dei slepp å køyra til byen for å handla, seier Aune, som gjerne vil leggja til at dei kan få tak i det meste på kort tid.

Folk har fått augene opp for lausmassar på Ekrene.
Powered by Labrador CMS