næringsliv

Ludvig (5) opna den nye klesbutikken

No kan sveibuen handla barneklede lokalt igjen.

Publisert Sist oppdatert

Den nye butikken på Sveio senter bugnar av vinterdressar, huer, julepynt til håret, bamsar og mykje anna innan bekledning for barn i alderen 0-12 år.

Folk straumde inn i lokalet, som etter kvart skal utvidast.

Salamanderen barn & fritid opna laurdag, og det var ein stolt, og litt spent gut som hadde eit spesielt oppdrag denne dagen. Då klokka var 12 og gitteret gjekk opp, var det berre eit raudt sløyfeband som skulle separerast før kundane fekk koma inn i den nye butikken.

Applaus

Ludvig Hovda Habbestad (5) haldt i bandet, tok nokre steg bakover i lag med pappa Per Sølve, og med det var det berre til å ønskja velkommen inn, til applaus frå dei som venta spent utanfor.

Her er guten som fekk dra i sløyfa. Ludvig Hovda Habbestad klarte oppgåva med glans, med god støtte frå faren sin.

Folk straumde inn, kikka, preikte og let vel. Ei av dei som hadde tatt turen, var Iselin Hovda og dottera Madelen på 7,5 månad.

– Eg synest det er fantastisk at me har fått klesbutikk, nå har eg alt eg treng her. Det er kjekt å så Sveio sentrum bløma, eg håpar at me klarar å støtta opp og behalda butikken, smiler Hovda, som trur at ho no får mindre behov for å dra til Haugesund for å handla.

Håpar på god handel

Dei to driftige butikkdamene fekk både gode ord og blomehelsingar. Fem dagar har Åse Holgersen Katla og Helene Førland Vikse brukt på å laga til den nye butikken.

Dei to medgir at det har blitt nokre lange dagar, men at det alt i alt har gått veldig fint. Dei skulle einaste ønska at det var kome litt meir varer til større jenter til opningsdagen, men det vil truleg retta seg opp utover neste veke.

– Ideelt sett er det lite varer igjen på måndag, smiler Førland Vikse, medan ho set fram lefser til kundane, koronavennleg innpakka.

God støtte

Katla starta opp med bok- og leikebutikk tilknytta Libris og Ringo i 2016 på i Sveio senter, no under samlenamnet Eventyrlig bok, leker og interiør. Katla er glad i å laga til noko nytt, det kan ein også sjå igjen på butikken som alt er etablert. Katla synest det er kjekt å byggja opp butikkar.

– Me har kjekke støttespelarar, seier ho, og henviser til familien som eig Sveio senter.

Responsen frå publikum har så langt vore god.

– Det er mange som er glade for at det er Name It som har kome, det er eit kjent merke, som slår an, seier ho.

Gode naboar

Med mange oppgåver å ordna før opninga, spøkte butikkdamene på Salamanderen barn & fritid om ikkje dei på Extra om ikkje dei kunne laga ein ballongboge til dei.

Åse Holgersen Katla byr no på eit vidt spekter av vareslag i Sveio senter.

– Dei sa berre nei, fortel Katla med eit smil. Men ballongar blei det i siste sekund.

– Bente Linn (Dirdal, red. anm.) som jobbar på Extra og familien har laga ballongbogen som heng over inngangen til oss, fortel Katla, som på søndag kan ta seg ein velfortent pust i bakken.

Powered by Labrador CMS