næringsliv
Kundane sto i kø då Haugli opna igjen
Det begynner å nærma seg full aktivitet i Sveio senter. Torsdag opna Haugli Bakeri igjen, og Sølvi Margrethe Vesterheim er glad for å vera i sving igjen.
I farten kjem ho ikkje på nøyaktig dato for kortid dei stengte i mars, men det er rundt sju veker sidan. Kaféleiaren har sakna kundane, og kundane ha tydelegvis sakna henne.
– Dei sto i kø då eg opna. Eg er spent på korleis dette går, men starten på dagen var i alle fall oppmuntrande. Ein del har også bestilt varer på førehand, så eg veit at det blir ein del sal i dag, seier Vesterheim.
Sprit er sjølvsagt på plass, borda har fått god avstand, og på alle står det informasjon om korleis ein skal oppføra seg. Tape på golvet markerer kor ein skal halda avstand når ein handlar.
Redusert opningstid
– Sidan eg ikkje har noko formeining om kor mange kundar som kjem og kva dei vil ha, blir det å sjå det litt an dei første dagane. Det blir berre meg i arbeid her, og opningstida er redusert til fire timar. Uansett er det veldig kjekt å vera i gang igjen, seier Vesterheim.
Først på plass i kafeen var ekteparet Vera og Oddbjørn Laurhammer. Bømlingane er nærast for stamkundar å rekna.
– Då Sølvi jobba hos Haugli på Amanda, brukte me å gå der når me hadde ærend i Haugesund. Ho er så flink med kundane at me følgde etter då ho byrja i Sveio, fortel ekteparet.