næringsliv

Koronamidlar hjelper litt på inntektstapet

Det er liv på Tjernagel leir og fritidssenteret nesten heile veka, men aktiviteten er naturleg nok noko redusert som følgje av korona. Familien Løvland er glade for «korona-erstatninga» som Sveio kommune har delt ut, det hjelper litt på inntektstapet.

Publisert Sist oppdatert

Ridekursa går som vanleg to dagar i veka, men også dei med færre deltakarar per kurs, likeeins med helgeleirane som er i løpet av året.

Kiosken på Tjernagel leir og fritidssenter er ope når det skjer noko. Gunbjørg Løvland byr både på heimebakst og godterier.

Familieføretaket blir drive Gunbjørg Løvland og Bjørn Reidar Løvland, saman med dottera Hanne E. Løvland. Det starta med ein leir for 28 år sidan, etter det har det blitt hytteutleige, ridekurs, familiesøndagar med ridning, eitt og anna stemne – og langt fleire leirar for heste- og gardsglade barn og unge.

Mange omsyn å ta

Hestane skal ha mat anten det er pandemi eller ei, og det siste året har sjølvsagt påvirka drifta, som i utgangspunktet er krevjande.

Sprang er eitt av kursa som blir halde, her frå ridestemne 1. mai.

– Me har strevd med å få det til å gå rundt. Det er vanskeleg å planleggja noko, når ein må ta omsyn heile tida, seier Gunbjørg Løvland. Ho har nett fått rydda vekk påskepynten, for påskeleiren blei unnagjort for to helgar sidan. Det blei med færre deltakarar enn vanleg, og kun deltakarar frå Sveio. Helga som var blei det arrangert stemne for deltakarar på ridekurs.

Sommarleir

– Det er ein del ting me ikkje har fått halda, me har tapt ein del på det, seier Løvland når me spør korleis det siste året har gått. Hytta ved sjøen var ikkje utleigd i fjor, ho reknar med lite utleige i år.

Om somrane er det leir i fire omgangar – vanlegvis er over 100 barn og ungdomar innom desse vekene. Det blir leir i år også, men med litt redusert deltakartal.

Tjernagel leir og fritidssenter var blant dei 20 verksemdene som fekk midlar frå kompensasjonsordninga som Sveio kommune delte ut på vegner av regjeringa.

– Alt er til god hjelp, det er heilt klart. Det dekker ein del av det me har tapt, men langt i frå den samla summen, seier Løvland.

Tilskodarar til ridestemne som var 1. mai.
Powered by Labrador CMS