næringsliv
Investerer for overskotet i korona-året
I fjor fekk Nærbutikken Valevåg eit uventa overskot. Det bruker innehavarane til å oppgradera i og rundt forretningen.
I fjor blei det kjøpt inn ny mjølkekjøle, denne veka stod ein ny terrasse klar på utsida, der folk kan nyta ein kaffi og eta is. I tillegg har fasadeveggen som var dekka med vindauge, blitt kledd igjen med panel.
Luft og asfalt
– Då hindrar me varmen i å komma inn om sommaren, seier innehavar Laila Vikse Lie. Ho og mannen Harry Lie som driv butikken, har også planar om å asfaltera utanfor før sommaren, for å få bukt med dei kjedelege holene, og få ventilasjon i taket.
Dette er store investeringar for ein liten butikk, som for eitt år sidan vurderte å leggja ned, men pandemien gjorde slik at handelen tok seg kraftig opp. Overskotet for 2020 blir, saman med støtte frå Merkur-programmet brukt til å ordna det til for lokalbefolkninga i Valevåg. Det ville ikkje vore mogleg utan. Utførte og planlagde investeringar, inklusive mjølkekjøla, strekk seg til nærmare 190.000 kroner.
Blir lagt merke til
– Det er viktig at folk i bygda ser at det skjer noko, spesielt i denne tida. Me er på ein knivsegg framleis, men den er gjerne litt mindre skarp no, seier Vikse Lie, som synest det blei veldig fint med terrasse og det heile. Det er også tilbakemeldingane frå kundane – det blir lagt merke til.
Bord og stolar blei kjøpt inn i fjor, det same med blomsterkrukker, så enda finare skal det bli. Trearbeidet er utført av Byggi Sveio, som held til på Hanaleite.
– Me er veldig opptatt av å bruka lokale folk, seier Vikse Lie.
Nå gjenstår litt fundamenteringsarbeid på terrassen som skal gjerast seinare, og nokre strøk med beis.