næringsliv

SLIK KAN DET BLI SJÅANDE UT: 199 meter høge vindturbinar vil vera godt synlege nå ein står midtvegs mellom gardstunet og vindparken. Frå venstre grunneigar Steinar Nesse, dagleg leiar i Solvind Jan Thiessen og Maria Nesse som driftar garden inst på Nese. Turbinane er digitalt montert inn på bildet av Solvind for å visa den planlagde storleiken.
SLIK KAN DET BLI SJÅANDE UT: 199 meter høge vindturbinar vil vera godt synlege nå ein står midtvegs mellom gardstunet og vindparken. Frå venstre grunneigar Steinar Nesse, dagleg leiar i Solvind Jan Thiessen og Maria Nesse som driftar garden inst på Nese. Turbinane er digitalt montert inn på bildet av Solvind for å visa den planlagde storleiken.

Grunneigar: – Vindmøllene vil sikra gardsdrifta i 25 år

Steinar Nesse var skeptisk og ikkje særleg interessert då Solvind tok kontakt. No har både han dottera Maria snudd og håper at Sveio vindpark blir realisert.

Publisert Sist oppdatert

«Sveio Vindpark»

• Er planlagt å ligga på Nese ca. 6 km aust for Sveio sentrum på garden til Steinar Nesse. Området er aktivt nytta til jordbruk, og det passerer ei 300 kV høgspentlinje på kort av stand i planområdet.

• Navhøgda på vindmøllene er 130 m, rotordiameter 138 meter og totalhøgda 199 meter. Dei to turbinane vil produsera 4,2 MW kvar. Årleg produksjon blir 31 GWh, noko som tilsvarar halvparten av dagens straumforbruk i Sveio. Eller 155.000.000 kilometer med el-bil.

Sidan ein nyttar eksisterande infrastruktør, vil det berre bli trong for 230 meter med ny veg. Kommunal veg og gardsveg vil bli utbetra på Solvind si rekning. 

• Ein reknar med 25 millionar kroner i regional verdiskaping i plan- og byggefasen og ein million kroner årleg når vindmøllene er i drift. Sveio kommune vil årleg få rundt 145.000 kroner i skatteinntekter. Ved full eigedomsskatt, som i Karmøy, vil summen auka rundt 600.000 kroner.

• Undersøkingar så langt indikerer berre mindre negative effektar for flora og fauna, ifølgje Solvind. Dei næraste husa er skjerma mot vindkraftveket av skog og terreng, og vindkraftverket vil ikkje vera synleg for store delar av Sveio.

Solvind har undersøkt seks område i Sveio for å finna eigna stader for vindkraftproduksjon. Det desidert beste området er på garden til Steinar Nesse.

 

Om eit par veker blir det sendt søknad til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å få bygga Sveio vindpark med to vindturbinar med totalhøgd på 199 meter. Det er eit av mange steg i ein lang prosess fram mot realisering av vindparken.

– Vi jobbar med småskala vindkraftprosjekt og kjem tett på dei som bur der. Frå første stund er det viktig å ha god dialog med kommunen og alle som har ulike interesser i områda vi ynskjer å bygga ut. Vi har frå starten hatt eit godt samarbeid med mellom andre fagpersonar i Sveio kommune, og for litt sidan informerte vi om prosjektet på gruppemøter med dei ulike partia. Neste steg no er å få ut informasjon til heile Sveio, og det vil bli både folkemøte og høve til å komma med innspel, seier dagleg leiar Jan Thiessen.

Blir lite synleg

Solvind valde for nokre år sidan å trekka vindparken på Ryvarden. Der var det planlagt 15 vindmøller som til saman skulle produsera 44 MW.

Dei to vindturbinane som er planlagt på Nese vil produsera 8,4 MW. Det seier litt om at det har vore ei stor utvikling på den teknologiske fronten berre på få år.

– 199 meter er høgt. Kor synlege vil vindmøllene bli?

– Vi kunne bygd lågare, men det hadde redusert produksjonen med opptil 50 prosent. Med ei høgd på inntil 199 meter, vil dei to turbinane produsera 31 GWh årleg. Det er halvparten av straumforbruket til heile Sveio. Plasseringa gjer at vindmøllene blir lite synlege for store delar av Sveio. Mange bustadhus og hytter i området blir skjerma av fjell og skog. Men det er også stader med utsikt mot turbinane, som på Tveita, seier Thiessen.

– Kva med støy?

– Støynivået vil vera innanfor norske grenseverdiar, og vi nyttar vindturbinar som lagar minst mogeleg støy. Retningslinjene som gjeld for støy og skuggekast vil bli overhaldne.

Gardsdrift sidan 1600

Familien Nesse har drive gard inst på Nese sidan rundt år 1600. I dag er det dottera Maria (21) som står for den daglege drifta. 

Steinar har full jobb knytta til oljeindustrien.

– Med alt det negative vi høyrer om vindkraft for tida, var eg veldig i stuss då Solvind tok kontakt for eit halvt år sidan. Etter det har Maria og eg vore i lag på møter med Solvind, og vi har vore og sett på to av prosjekta som er i drift. Det eine på Jæren der grunneigaren har vindmøllene ganske tett på hus og driftsbygningar. Det andre med nyare vindmøller i eit industriområde på Karmøy. Vi blei begge overraska over kor stille møllene på Storøy gjekk trass i at det bles kraftig, fortel Steinar.

Etter å ha skaffa seg meir kunnskap og snakka med andre grunneigarar, bestemte Steinar seg for å inngå ein intensjonsavtale med Solvind. Blir vindparken realisert, vil det sikra drifta på garden i 25 år.

Krev lokale entreprenørar

– Eg har stilt ein del krav som er med i intensjonsavtalen. Mellom anna at det ikkje skal vera restriksjonar for gardsdrifta, at eg og/eller Maria skal vera med på alle møter, til dømes med kommunen, og at det skal nyttast lokale entreprenørar i anleggsarbeidet, seier Steinar.

Sveio vindpark blir ikkje større enn to vindmøller på grunn av restrikasjonar rundt høgspentlinja som går over garden og nødvendige avtandar til busetnad. 

Dei to vindturbinane skal plasserast på kvar si side av eit dyrka område ein liten kilometer frå gardstunet. Der er det allereie veg inn, og det gjer at det ikkje treng byggast meir enn 230 meter ny veg i prosjektet. Både vegen frå E 39 på Haukås og gardsvegen må oppgraderast heilt inn til vindmøllene. 

– Det sparar både meg og kommunen for store utgifter til vedlikehald og oppklassing av vegen. Noko av det viktigaste er likevel at den årlege inntekta frå vindparken vil vera med å sikra ei til to inntekter og varige arbeidsplassar på garden, seier Steinar.

Sveio vindpark er planlagt bygd på garden til Steinar Nesse (t.v.), her med dottera Maria og Jan Thiessen i Solvind.

Kan vera bonde på fulltid

For odelsjenta Maria betyr vindparken at ho kan drifta garden slik ho ynskjer. Kanskje blir det også mogeleg med fulltidsjobb for sambuaren.

Begge har teke landbruksutdanning på Tveit. Garden driv med kjøtproduksjon, og har 1500 slaktegris, 27 ammekyr og 15 sauer.

– I dag må mange bønder ha jobb utanfor garden. Det er ikkje det beste for verken folk eller dyr. For å få til best mogeleg dyrevelferd og effektiv drift, bør ein vera til stades heile tida. Med inntekta frå vindparken, vil eg både kunna vera bonde på fulltid og samstundes ha mogelegheit til å utvikla garden og møta stadig nye krav til mellom anna driftsbygningar, seier Maria.

Enno tidleg i prosessen

Solvind har orientert dei politiske partia om vindkraftplanene i gruppemøter. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) og gruppeleiarane Vestavind har snakka med, svarar at saka ikkje er diskutert enno.

Men politikarane forsikrar om at saka vil bli grundig diskutert etter kvart.

– Det er positivt at Solvind er så tidleg ute med informasjon. I diskusjonane som kjem, må vi både sjå til klimaskiftet kring vindkraft nasjonalt og kva vi ynskjer for Sveio. Tidleg info er med på å bidra til ein god prosess, seier Rune Teikari i Framstegspartiet.

Monica Vandaskog Valen i Senterpartiet fortel at gruppa berre har diskutert vindparken litt:

– Vi er er i utgangspunktet positive til dette prosjektet. Vi har også diskutert ulempene med at å seia ja kan føra til at andre vil bygga vindmøller. Men det er det for tidleg i prosessen til å konkludera.

Jarle Jacobsen i Kristeleg Folkeparti legg til at han synest det er positivt at Solvind har etablert eit godt samarbeid med grunneigaren.

Vestavind har ringt til samtlige parti i Sveio for kommentar til denne saka, men har ikkje fått respons frå alle.

Planla 15 vindmøller på Ryvarden

I 2013 melde Solvind Prosjekt AS at dei hadde planar om å bygga ut Ryvarden vindkraftverk med inntil 15 vindturbinar. Eit knapt år seinare valde dei å trekka prosjektet. 

Vindkraftverket var planlagt om lag fem kilometer vest for Sveio sentrum og ein kilometer nordaust for Ryvarden kulturfyr. Planområdet ville dekka eit areal på 2,6 kvadratkilometer, og vindkraftverket ville kunna produsera 44 MW.

Sveio kommune var klar på at dette prosjektet kom i stor konflikt med både natur, friluftsliv og turisme i området, og det samsvara ikkje med kommunen sine interesser. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la mellom anna dette til grunn då dei ba Solvind trekka prosjektet innan 20. juni 2014. Dei la også vekt på at det var begrensa nettkapasitet i området for ny energiproduksjon.

11. juni, same dag som brevet frå NVE kom, sende Solvind ut ei pressemelding der det sto at dei trekte prosjektet. Dei var då i gong med sakshandssaming og konsekvensutreiing for å avklara om prosjektet sine fordelar var større enn ulempene. I pressemeldinga sto det mellom anna: 

«Resultatet fra feltarbeidet med temaene fugl og botanikk (kystlynghei) nå i vår ga indikasjoner på lavere konfliktgrad enn forventet. Solvind synes derfor det er synd at arbeidet med vindkraftprosjektet nå skal avsluttes. Ryvarden vindkraftverk var et prosjekt med et sterkt vindpotensial, som ville kunne bidratt med ny, ren kraft i en region som i fremtiden vil få økt kraftuttak.»

Powered by Labrador CMS