næringsliv

Redaktør Torstein Tysvær Nymoen går frå Grannar til Haugaland Vekst. Foto: Svein-Erik Larsen
Redaktør Torstein Tysvær Nymoen går frå Grannar til Haugaland Vekst.

Grannar-redaktøren har fått ny jobb

Torstein Tysvær Nymoen (50), tidlegare redaktør i Vestavind og no ansvarleg redaktør i Grannar, har sagt opp stillinga si. Han lovar å hugse på Etne og Vindafjord i sin komande jobb som kommunikasjonsrådgjevar i Haugaland Vekst.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

– Eg håpar eg har vore med på å setje ein fornuftig kurs for det Grannar bør vere i ei moderne medietid, seier Torstein Tysvær Nymoen.

MEDIA/ GRANNAR:

Det er usikkert nøyaktig når han skal slutte, men med seks månader oppseiingstid blir det seinast ved utgangen av april 2025. Tysvær Nymoen kom frå redaktørstillinga i Vestavind i mars 2023 og var òg journalist i Grannar mellom 2015 og 2021.

I Haugaland Vekst skal han bli kommunikasjonsrådgivar. Det interkommunale selskapet fyller 20 år i 2024 og utfører regionalt nærings- og utviklingsarbeid for eigarkommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Utsira, samt Rogaland fylkeskommune.

Digitalt fokus

Den Haugesund-busette nordlendingen er tydeleg på at han ikkje sluttar i Grannar fordi han har mistrivst i jobben, men fordi han fekk eit svært spennande tilbod. Etter meir enn 30 år i pressa, der han i praksis har hatt alle rollene ein kan ha i ein redaksjon, freista det å kaste seg ut i noko anna, der han både kan få brukt kompetansen sin på eit anna felt og lære noko nytt. Han synest tida som Grannar-redaktør har vore svært givande.

– Då eg starta, fekk eg ein marsjordre frå styret om å digitalisere. Og i lag med dei tilsette har me fått til utruleg mykje bra saman. Det viser ikkje minst veksten i digitale lesartal dei siste par åra, seier Tysvær Nymoen.

Han synest det er kjekt å sjå korleis lesarane har respondert på omlegginga og viser til nesten tredobla digital lesing sidan mars i fjor. Berre det siste året har talet på heildigitale abonnement på Grannar auka med 133 prosent. I dag er om lag 1.100, det vil seie nesten ein tredel av alle abonnentar, heildigitale. Det er eit tal som er venta å auke enda meir i åra som kjem, i takt med endra lesarvanar der stadig fleire vel vekk papiravisa.

Den digitale transformeringa og resultata det har gitt, er det den avtroppande redaktøren er mest nøgd med i si tid i sjefsstolen. Han meiner tala viser at Grannar leverer ei avis som blir opplevd som relevant for lokalsamfunna i Etne og Vindafjord. No vil han la det vere opp til den nye leiinga og styret å peike ut vegen vidare.

Stemme i rommet

Valet av Haugaland Vekst som ny arbeidsgivar grunngir han med at han alltid har tenkt at om han skal over til det som handlar om den typiske kommunikasjonsjobben, så må det vere ein stad der han framleis har høve til å påverke. Etter mange år som bebuar og arbeidande i regionen er han veldig glad i Haugalandet. Det å få jobbe i eit selskap som har som oppgåve å løfte fram heile Haugalandet og bidra til utvikling på fleire viktige område, opplever han som spennande.

Oppgåvene hans blir å vidareutvikle Haugaland Vekst sin kommunikasjonsstrategi, utvikle medieplanar, produsere innhald, skrive kronikkar, bistå andre i selskapet med kommunikasjon og ha kontakt med media. Han trur det blir bra for Etne og Vindafjord å få ein person som kjenner kommunane godt inn i selskapet og vil bidra til at dei, på lik linje med dei andre eigarkommunane, blir løfta fram i interne diskusjonar.

Tek seg tid

Nestleiar i styret i Grannar, John Karsten Hustveit, seier det er leit at Nymoen sluttar, men ønskjer han lykke til vidare. Hustveit trekker òg fram den digitale utviklinga som det viktigaste i hans periode.

– Me ser at det er ein meir moderne måte å jobbe på og meir online, noko som krevst i dag. Det kjekke for Grannar er at me ser resultat av det, seier han.

Styret blei orientert tysdag morgon og skal diskutere vegen vidare på eit planlagt møte torsdag. Hustveit seier dei vil bruke tid på å analysere før dei finn ein ny redaktør som kan ta Grannar vidare. Han trur Grannar framleis er ein attraktiv arbeidsplass og viser til resultata under Tysvær Nymoen.

– Av og til går slike prosessar fort, av og til tek det tid, seier nestleiaren, som òg opnar for ei mellomløysing om prosessen drar ut.

– Mange gode søkjarar

Dagleg leiar i Haugaland Vekst, Sigmund Lier, er svært fornøgd med det nye tilskotet til organisasjonen som består av sju tilsette med ulike ansvarsområde.

– Eg er glad for å få Torstein med på laget. Han har ein spanande bakgrunn som vil koma til god nytte i arbeidet med å løfta viktige saker for Haugalandet. Han gjekk heilt til topps i konkurranse med svært mange godt kvalifiserte søkjarar, seier Lier til Tysvær Bygdeblad.

Powered by Labrador CMS