næringsliv

– Arbeidsmarknaden er framleis stram, men det er grunnlag for å følgja situasjonen tettare, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
– Arbeidsmarknaden er framleis stram, men det er grunnlag for å følgja situasjonen tettare, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Fleire ledige, men framleis låg arbeidsløyse i Sveio

I oktober var det 0,9 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland, ifølgje NAV. Det er ein nedgang på seks heilt ledige personar i høve til september, og 14 færre enn same månad i fjor. I Sveio blei det litt fleire ledige.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio gjekk talet på heilt ledig opp frå 20 personar i september til 25 i oktober.  Omrekna i prosent, er det 0,9 prosent mot 0,7 i september. September var månaden med færrast ledige hittil i år, med oktober på andreplass. I oktober i fjor var det 28 heilt ledige, og i 2021 var 44 heilt utan jobb.

–      Me følgjer utviklinga i arbeidsmarknaden tett. Tal permitterte viser også ein nedgang frå september til oktober, men samstundes har me motteke nokre fleire varsel om permittering den siste tida. I fleire av situasjonane ser me at permitteringa ikkje vert iverksett. Stoda per i dag er likevel at arbeidsmarknaden held seg lik som førre månad, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Framleis stram arbeidsmarknad

Tilgangen til stillingar var høg gjennom heile 2022 og har halde seg høg, men på eit noko lågare nivå so langt i 2023. I oktober registrerer NAV 255 ledige stillingar i Sunnhordland, skriv dei i ei pressemelding.

– Arbeidsmarknaden er framleis stram, men det er grunnlag for å følgja situasjonen tettare. Vår sterkaste oppmoding til verksemdene er å framleis rekruttere frå utanforskapen, og samstundes arbeida med å halde lengst mogleg på dei tilsette ein allereie har, seier Lægreid.

NAV-leiaren meiner mange verksemder i regionen er gode til å bruka NAV for å få tilgang til ønska kompetanse, og peiker på nye tiltak for å halda tilsette i jobb.

IA-pakka

I den aktuelle arbeidsmarknaden må verksemdene arbeida meir med faktorar som hindrar unødvendig gjenomstrøyming og tidleg avgang, meinar NAV-leiaren.

– IA-avtalen set fokus på arbeidsmiljøarbeidet til verksemdene. Dette arbeidet er heilt avgjerande for både å halda på dei tilsette, men også i høve kva grad verksemdene er i stand til å inkludert menneske som elles står utanfor arbeidslivet, seier Lægreid

Nyleg har Idebanken lansert ei samleside som formidlar idear, erfaringar og resultat om IA-arbeidet, kalla IA-pakka. Lægreid trur fleire verksemder, også i Sunnhordland kan finna inspirasjon og hjelp her.

God hjelp

– NAV kan ikkje å vera i kontakt med absolutt alle verksemder, heile tida, for å hjelpa av med behov i arbeidsmiljøarbeidet. For mange kan gode og tilgjengelege digitale verktøy vera akkurat det ein har behov for. Me har tru på at samlesida kan vere til hjelp for mange av verksemdene i regionen vår, seier Lægreid

Verksemder som ser dei likevel treng oppfølging frå NAV i arbeidet med sjukefråvær og arbeidsmiljø, kan ta kontakt via arbeidsgjevartelefonen.

Powered by Labrador CMS