næringsliv

Femlingar i sauefjøset

Ein av dei 48 lamsauene til Svein Sørdal har fått femlingar denne våren. To andre sauer har fått firlingar. Alle lamma skal vera i fin form.

Publisert Sist oppdatert

– Det har aldri hendt for meg før at eg har fått femlingar der alle lamma har overlevd. Firlingar er derimot ikkje så uvanleg på norsk kvit sau, seier Sørdal.

15 alelam å fôra

Ideelt sett meiner han det er det best om sauene ikkje får meir enn tre lam kvar. Fleire enn tre har dei ikkje mjølk til, seier sauebonden på Emberland. Med større kull blir det mange alelam å fôra på. No har Sørdal og kjærasten Stine Elisabeth Thorsen i alt 15 lam som må matast.

– Me har sett opp automatar med utblanda mjølkeerstatning til dei for å letta arbeidet. Då slepp me å gi eitt og eitt lam mjølk frå flaske, seier han.

– Ikkje heilt uvanleg

Femlingar er ikkje heilt uvanleg, seier Åshild Øritsland Våge. Ho er veterinær og medeigar i Sveio Smalesamdrift  DA.

– Store lammekull er svært raseavhengig, og avhengig av beitesesongen føregåande år. I fjor var det ein svært god beiteseong, seier Våge.

Ho kan fortelja at Sveio Smalesamdrift DA med sine 235-240 lamsauer har fått eitt kull med sekslingar og sju med femlingar i vår.

– Alle sekslingane og dei fleste av femlingane har levd opp, men så mange lam per sau er ikkje ønskeleg. Det er for stor sjanse til at me misser ein del av lamma, og det er ei stor belastning for søyene. Difor er me med i eit avlsprogram der me gentestar dyra og tar ut dei som har størst sjanse til å få mange lam. Så langt har me kontroll på værane, men ikkje dei eldste søyene, seier ho.

Stort problem med hjort

På Emberland har Sørdal enno alle sauene inne i fjøset. Han reknar med å fôra dei inne til langt ut i mai.

– Me må det fordi det er så mykje hjort her som et opp graset på bøane at det ikkje er beite igjen til sauene. I 06-tida i dag talte eg 20 hjortar rundt løa. Dette er eit stort problem for oss, forklarte Sørdal då me snakka med han for nokre dagar sidan.

Han meiner kommunen har resultat av teljingar frå i fjor som tyder på at det kan vera opp mot 40 hjort i området. Dei aktive bøndene på Emberland har bede om utvida fellingsløyve, men er ikkje nøgde med svaret dei har fått frå viltforvaltinga.

Forstår utfordringane

Dagfinn Fagerland Bjørge er viltforvaltar i Sveio og seier han kjenner problemet på Emberland. Han kan ikkje på ståande fot gå god for talet på 40 dyr på ei teljing, men kjenner til at det er over 20 og forstår at dette er eit problem. Bjørge meiner også at dei har kome bøndene i møte.

– Norma er 750 mål bak kvart hjorteløyve i Sveio. På Emberland har me halvert dette, slik at dei har fått eitt løyve per 375 mål. Me har dessutan auka avskytinga av koller. Vårt råd til bøndene er å slå fleire vald (jaktområde) saman, for eksempel Emberland, Kinn og Åsbu, kanskje også Lokna. På den måten kunne dei fått til meir målretta avskyting, seier han.

Powered by Labrador CMS