næringsliv

Ole Martin Grindheim er eigar og dagleg leiar i Etne Auto AS. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Ole Martin Grindheim er eigar og dagleg leiar i Etne Auto AS.

Etne Auto vann over storkonsern i retten

Ein girkasse som Etne Auto AS fekk levert, og monterte i bilen til ein kunde røyk etter berre 24.000 kilometer. Leverandøren av girkassen, Kverneland Bil AS, meinte Etne-verksemda reklamerte for seint, men vann ikkje fram då partane nyleg møttast i tingretten.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

I ein fersk dom frå Sør-Rogaland tingrett er det store bilforhandlar-konsernet Kverneland Bil AS dømd til å betale Etne Auto AS 78.334 kroner i erstatning etter at ein girkasse havarerte kort tid etter utbedring. I tillegg må Kvernaland Bil dekkje 16.944 kroner i sakskostnader.

GRANNAR:

Girkasse-trøbbel

Saka hadde sitt opphav i juni 2021, då Etne Auto bytte girkasse på ein Ford S-Max for ein kunde. Bilen, som er bruktimportert, var registert første gong i 2014. Girkassen røyk etter at bilan hadde køyrt 74.000 kilometer. Reparasjonen blei dekka av kunden sitt forsikringsselskap.

Ny girkasse blei bestilt frå Kverneland Bil. Etter montering vart girkassen sendt tilbake til Kvernaland Bil for programmering. I desember 2023, etter at bilen hadde køyrt om lag nye 24.000 kilometer, havarerte girkassen på ny, og kunden reklamerte til Etne Auto, som aksepterte reklamasjonen.

Etne Auto reklamerte deretter til Kvernaland Bil, men fekk avslag. Dagleg leiar Ole Martin Grindheim ved Etne Auto stod fast ved at hans selskap hadde rett til å reklamere på girkassen, og stemna motparten. Saka blei først handsama av forliksrådet, som gav Etne Auto medhald i sin påstand. Kvereland BIL ville ikkje akseptere forliksrådets dom, og dermed blei tingretten neste rettsinnstans. Partane møttast til rettsmøte i Sandnes 14. januar i år, og dom i saka blei avsagt tysdag 4. februar.

Usemje om reklamasjonsfrist

Kverneland Bil AS hevda at den absolutte reklamasjonsfristen på to år var gått ut i juni 2023. Dei meinte òg at Etne Auto ikkje hadde reklamert innan rimeleg tid etter at feilen oppstod. Etne Auto hevda på si side at det var fem års reklamasjonsfrist, basert på handverkartenestelova, sidan det ikkje var avtalt noko anna. Dei viste til at feilen på girkassen låg føre allereie ved levering, og at dei reklamerte innan rimeleg tid etter at havariet vart oppdaga.

Tingretten var samd med Etne Auto i at den absolutte reklamasjonsfristen var fem år. Retten meinte vidare at Etne Auto hadde reklamert innan rimeleg tid, då dei tok kontakt med Kvernaland Bil i desember 2023, kort tid etter at feilen vart oppdaga. I vurderinga av om det førelåg ein mangel, viste retten til at ein girkasse normalt skal vare mykje lenger enn 24.000 kilometer. Oljeprøvar viste metallspon, noko som tyda på ein iboande svakheit i girkassen ved levering. Retten slo fast at feilen låg innanfor Kvernaland Bil sitt kontrollansvar, og at dei dermed måtte stå ansvarleg for skaden.

Uvisst om anke

Kverneland Bil hevda at Etne Auto ikkje hadde overhalde si tapsavgrensingsplikt, og at feilen kunne vore retta med ei mindre utbetring i staden for å byte heile girkassen. Retten avviste dette argumentet, og meinte det ikkje var sannsynleg at ein delvis reparasjon ville vore rimelegare. Retten konkluderte med at Kverneland Bil måtte betale Etne Auto 78.334 kroner i erstatning for utgifter knytt til ny girkasse og montering, samt sakskostnader på 16.944 kroner.

Grannar har vore i kontakt med Kverneland Bil sin sakførar, ved advokatfullmektig Daniel Røvik frå advokatfirmaet CMS Kluge. Han har førebels ikkje ønskja å kommentere saka. Det er dermed uvisst om Kverneland Bil ønskjer å anke saka. Det var den Oslo-baserte advokaten Johan Haga som førte saka for Etne Auto AS.

Powered by Labrador CMS