næringsliv

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

Desse bedriftene har fått kompensasjon

Koronapandemien rammar mange næringar, og ikkje alle har hatt støtteordningar å ty til. Denne veka delte Sveio kommune ut kompensasjon til tjue søkarar, som alle fekk litt kvar.

Publisert Sist oppdatert

– Alle skal få dekka noko av sine tapte inntekter. Eg håpar og trur at dei har nådd ut til verksemdene som har hatt behov for kompensasjonen, seier ordførar Linn Therese Erve.

Då ordninga blei annonsert, var det 531 651 kroner i potten. I tida då søknadsfristen var gått ut, og tildelinga skulle starta, kom meldinga om at det var kome 250 000 kroner frå regjeringa i tillegg, slik at potten blei på heile 781 651 kroner.

Midlar til fleire

– Dei første kompensasjonsmidlane var prioritert reiseliv, serveringsnæring og arrangement. Dei siste midlane på 250 000 kroner gjorde det mogleg å tildela midlar til fleire næringar enn det som først var prioritert. Den konkrete tildelinga til kvar søkar er skjønnsmessig vurdert ut frå kriteria for tildeling, seier Erve.

Det er Atheno som har forvalta midlane på vegne av Sveio kommune, derfor er deira utgifter trekt frå summen.

– Dette var den mest effektive måten å dela ut midlane på. Det ville krevd mykje administrative ressursar om kommunen skulle gjort det sjølv. Rask utlysing og tildeling var ein del av intensjonen med tilskotsordninga, fortel Erve.

Delar av søkesummen

Totalt er 730 000 kroner delt ut til 20 verksemder.

– Det er bra at så mange har søkt og fått innvilga delar av det dei har søkt om. Eg ser det som viktig at alle som har søkt har fått kompensasjon, og håpar det er med på å bidra i ein ellers krevjande situasjon i næringslivet, seier ordføraren.

Powered by Labrador CMS