næringsliv

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar etter at utvidingsplanane våre blei kjent, seier dagleg leiar i Sveio Libris & Ringo, Åse Holgersen Katla.
– Me har fått mange positive tilbakemeldingar etter at utvidingsplanane våre blei kjent, seier dagleg leiar i Sveio Libris & Ringo, Åse Holgersen Katla.

Åse lagar seg større butikk i senteret

Sveio Libris & Ringo er klar for ein ny epoke og doblar butikkarealet sitt i Sveio senter.

Publisert Sist oppdatert

Det nye butikken utvidar med heile 150 kvadratmeter, frå 260 til 310 kvadrat.

– Leverandørane våre blei heilt overgitt då me fortalde om utvidingsplanane. Men dette har me hatt lyst til i mange år, og no skjer det, seier Åse Holgersen Katla, dagleg leiar i Sveio Libris & Ringo sidan oppstarten i mai 2016. Med seg på laget har ho Helene Førland Vikse.

Varegruppene blir som før; bøker, leiketøy og garn, i tillegg til eiga interiøravdeling «PTM – Plass til mer».

– Kva tid blei det «trykka på knappen»?

– Eigentleg var vel andre som «trykka». Ei anna verksemd skal nemleg inn i Salamanderbygget (bak NAV), der me hadde pappressa vår. Dermed måtte me flytta våre ting ned hit på senteret. Då byrja ballen å rulla, dette var rett etter jul, fortel Holgersen Katla.

Større oversikt

Opningsdato er ikkje sett, dette vil dei koma tilbake til når dei får større oversikt. Men det som er sikkert er at butikken skal bli meir oversiktleg, framover blir det meir definert kor ein finn dei ulike varegruppene. Planen er å flytta litt på avdelingane, det gjeld blant anna leiker og interiør. Bøker og kassadisken forblir som før.

I følgje Holgersen Katla er det på sikt også planar om fleire arrangement som quiz, bokbad, boksirkel og open mikrofon.

Verksemda er også i sin spede start med ein nettbutikk på interiør, på www.handlegaten.no.

Nøgd med fjoråret

Ved korona-utbrotet i mars i fjor stengde Sveio Libris & Ringo dørene i fjorten dagar. Etter det har det vore litt permitteringar, men trass i dette har butikken klart seg bra. Julehandelen gjekk også bra, ifølgje dagleg leiar.

– Er det varegrupper som ber seg betre enn andre?

– Leiker går alltid, interiør også, bøker er vel den minste varegruppa, men også det går temmeleg bra, seier Holgersen Katla, som gler seg til å visa fram den nye butikken om ikkje så altfor lenge.

– Kontoret vårt er alt anna enn funksjonelt for tida, her skal alt ryddast, dette rommet skal bli ein del av den nye butikken, seier Åse Holgersen Katla.
Powered by Labrador CMS