næringsliv

Her ein illustrasjon avdet skipet som blir levert i andre kvartal 2027 på på 78.000 døvekttonn. Foto: Grieg Maritime Group AS
Her ein illustrasjon avdet skipet som blir levert i andre kvartal 2027 på på 78.000 døvekttonn.

Arriva går for ammoniakk-skip

Kommersiell direktør Bjørn Ødegård i Arriva Shipping AS i Ølensvåg har inngått avtale med shippingaktørar i Bergen, og tømmerbransjen på Austlandet.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Dermed kjem det eit nytt skip i flåten til rederiet på Kåta i Ølensvåg, og det eit skip med eit heilt anna ytre design enn dei klassiske skipa i flåten.

VINDAFJORD:

Arriva tar her på seg ei langisiktig forplikting, utan at Ødegård og partane vil gå i detalj om kor lenge. Dei er rett nok opne om at det er ein såkalla LTTC, eller ein langsiktig charter-avtale, så det indikerer at det er snakk om ein heil del år.

— Me har ein såkalla back to back-avtale med ein tømmerleverandør tilsvarande lengden på kontrakten, så risiko er avgrensa mest mogleg, seier Ødegård.

Han fortel at skipet vil gå inn i flåten til Arriva som for tida er åtte eigne skip. Typisk har Arriva i tillegg til einkvar tid mellom fem og åtte skip på innleige eller seglande i kommisjon.

Merksemd

Ødegård fortel at dei allereie har fått mykje positiv merksemd frå eksisterande og potensielle kundar for denne grøne satsinga. Det kjem jo i tillegg til at rederiet fekk levert eit nybygd hybridskip i 2023, og at dei har eit som snart skal bli levert og eit tredje under bestilling.

— Me satsar i denne retninga for me ser at det er meir og meir fokus på alderen til skipa og på utslepp. Me må visa ein plan for kva retning me går, og det bidreg dette skipet til, seier Ødegård.

Her er representantar frå samarbeidspartane, (f.v.) kommersiell direktør Bjørn Ødegård i Arriva Shipping, styreleiar Jan-Petter Slethaug i Skarv Shipping og adm. dir. i Peak CSL Group, adm.dir. Jan Øivind Svardal i Skarv Shipping og teknisk dir. i Grieg Edge, adm. dir. Kjersti Denver i Viken AT Market og markeds- og logistikkdirektør Hans Erik Røra i AT Skog.Skarv Shipping er eit joint-venture mellom Peak CSL Group og Grieg Maritime Group.

Han fortel at per dato er det skrint med stader langs kysten der ein kan bunkra ammoniakk, men at dei reknar med at dette vil utvikla seg temmeleg raskt.

– Skipet blir ikkje levert før om temmeleg nøyaktig to år, og då trur me at det vil vera fleire stader me kan bunkra. Det er jo mykje fokus på energikjelder som ammoniakk, metanol med fleire, seier han.

Ein ammoniakk-fabrikk er som kjent under planlegging i Sauda, men på det noverande tidspunktet er det mykje motstand i lokalsamfunnet. Ammoniakk er ein giftgass, så det krev mykje tryggleik.

Alternativ

Skulle denne utviklinga ikkje skje så raskt, kan dette skipet òg gå på vanleg marin diesel. I det heile er det ikkje slik at skipet fullt og heilt kan ha framdrift kun med ammoniakk.

– I alle høve må det ein miks på fem prosent marin diesel i ammoniakken som såkalla pilot fuel, så heilt nullutslepp gir ikkje eit ammoniakk-skip , seier den tysværbusette utflytta sandeidbuen Ødegård med ein eigarandel i rederiet på åtte prosent.

I følgje kommunikasjonssjef Sveinung Tvedt i Grieg Maritime Group AS, ein av partnarane i denne avtalen, er dette truleg eit av dei aller første fire-taktars ammoniakkskipa i verda.

Powered by Labrador CMS