næringsliv
Albatross har fått ny eigar
Per Bjørn Habbestad har kjøpt Albatross senter for 10,5 millionar kroner. Han har alt planteikningane klare til eit badeanlegg i tilknyting til senteret.
Økonomiske problem førte til at Albatross senter i månadsskiftet mai/juni blei slått konkurs. I august starta bodprosessen og ein sveibu viste snart si interesse.
– Det har vore ein kort prosess, bekreftar Per Bjørn Habbestad som signerte kjøpet 1. september gjennom selskapet Habitat Eiendom AS, der også hans to søner, Per Sølve og Stig Roar Lier Habbestad, er deltakarar. Det var Haugesunds avis som omtalte kjøpet først.
Nye løysingar
No ønskjer dei å samarbeida med Sveio kommune om eit badeanlegg ved Albatross senter, fortel Habbestad til Vestavind.
Dei har på kort tid fått teikna eit framlegg til løysing som fullt ut tilfredsstiller dei krava som vart stilt av kommunestyret i juni.
Planteikningar med splitter nye løysingar og kalkylar er alt levert Sveio kommune.
– Eit fantastisk prosjekt, utdjupar Habbestad.
Ledig utleigeareal
– Andre planar for senteret?
– Det er eit flott bygg, med mange spennande aktivitetar innafor spa, fitness, fysioterapi og helsetenester. 80 prosent av areala i senteret er utleigd, og arbeidet med å fylla opp det resterande er i gong.
– Senteret er bygd rundt helse, med trening og helseverksemd, det er difor den mest naturlege settinga å sjå etter tilsvarande aktørar. Men det kan òg vera andre former for tenesteytingar som kan passa inn. Utleigedelen er på 1650 kvadratmeter, for tida er det 300 kvadrat som står ledig.
Habbestad fortel vidare at første prioritet er å sørgja for godt vedlikehald av bygget.
Tomme lokaler
Eigedomsselskapet Albatross senter melde oppbod i slutten av mai i år. Årsaka til konkursen var ifølgje dagleg leiar Thor Jostein Jacobsen, for mange tomme lokale i bygget til at det kunne gå rundt økonomisk.
Det var berre eigedomsdelen av bygget som var råka av konkursen, ingen av leigetakarane – treningssenter, spa- og velvære-avdelinga, samt legesenter og fysioterapeut var ramma og deira aktivitetar kunne halda fram som før.