næringsliv
550 færre ledige i mai
I mai var arbeidsløysa for heilt og delvis ledige 9,9 prosent av arbeidsstyrken i region Sunnhordland. Det utgjer 3.065 personar, og 550 færre enn i april.
– Arbeidsløysa i Sunnhordland går ned. Det er ein kraftig nedgang blant heilt ledige, medan det er ein auke i delvis ledige. Det er gledeleg, og det stadfestar inntrykket vårt om at fleire kjem attende i arbeid, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I Sveio er er det no 131 heilt ledige, og det utgjer 4,5 prosent av arbeidsstyrken. Det er 108 prosent fleire enn på same tid i fjor, men færre enn sist månad då det var 149 heilt arbeidsledige i kommunen.
Stord har framleis høgast arbeidsløyse med 5,9 prosent heilt ledige, eller 584 personar. Lågast ligg Tysnes med 49 heilt ledige. Det utgjer 3,5 prosent av arbeidsstyrken.
Satsar på dei unge
I mai var det 371 heilt ledige unge mellom 18 og 30 år. Det er 221 færre unge enn i høve april. Ungdom er ei prioritert gruppe for NAV.
– Sjølv om fleire kjem i arbeid, så vert eg uroa av arbeidsløysa blant dei unge. Mange ungdomar har arbeid i bransjar som er ekstra hardt råka og dei kan ofte vera dei fyrste som mistar jobben. Dei har eit langt yrkesliv føre seg, og me prøver på best mogleg måte å auke innsatsen inn mot denne gruppa, seier Østerlid.
NAV skal prioritere tidleg innsats for unge ved tett kontakt og bruk av arbeidsretta tiltak. Ungdom som ikkje er i jobb, utdanning eller anna aktivitet innan åtte veker, skal få tilbod om eit forsterka og individuelt opplegg, skriv NAV Sunnhordland i ei pressemelding.
Digitalt ungdomstilbod
NAV utviklar eigne digitale gruppetiltak for unge arbeidsledige i alle kommunane i Sunnhordland. I løpet av juni kjem NAV Stord sitt ungdomstilbod «Springbrettet på kaien» til å starta opp med «Kaien goes digital!». Tilbodet har til ei kvar tid plass til ti ungdomar per gruppe.
– Unge jobbsøkjarar mellom 18 og 30 år vil få eit digitalt gruppetilbod. Me har tatt utgangspunkt i same innhald som ved fysisk oppmøte og vidareutvikla dette. «Kaien goes digital!» skal gi betre jobbsøkingskompetanse, struktur i kvardagen, meistring og gi ungdom moglegheit til å treffa andre i same situasjon, seier Marianne Tveit, ungdomsrettleiar ved NAV Stord.
– Det er ein kraftig nedgang blant heilt ledige, medan det er ein auke i delvis ledige, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.