meiningar

Valestrand oppvekstsenter.
Valestrand oppvekstsenter.

«Vil ikkje politikarane at me unge skal komma tilbake og busetta oss i kommunen?»

Me trudde Valestrand var ei bygd Sveio kommune ønskja utvikling i, men utan skulen er det vanskeleg å sjå for seg ei framtid å bli vaksen å busetja seg i Valestrand. Sjølvsagt vil me ut i den store verda og oppleva ting og få ei utdanning, men det er godt å vita at kommunen legg til rette for at me kan busetta oss på den plassen me likar best, nemleg Valestrand. Der har ein skule, barnehage, sjø, fjell, kultur og kort veg til solide arbeidsplassar på Stord.

Vil ikkje politikarane at me unge skal komma tilbake og busetta oss i kommunen? Då vil me at det skal vera skular og barnehage i bygdene, for det er der me vil bu. Men kanskje ikkje kommunen treng skatteinntekter frå oss når me kjem ut i arbeidslivet, men kva veit me.

Personleg har me alle hatt ein ekstremt positiv oppleving av skulen gjennom dei sju åra me hadde der. Til og med det største styringspartiet seie at de HEIER PÅ BYGDENE. Nå kan de visa det.

Behald skulane i bygdene.

Tobias Skaugerud Valen
Daniel Kaltveit
Jomar Valen-Spångberg
Bjørnar Horneland Bjørge
Fredrik Stokkenes Åsbø
Victoria Haaversen Møllerhaug
Frida Vetås Færøy
Noah Sjursen
Helsing tidlegare elevar på Valestrand Oppvekstsenter

Powered by Labrador CMS