meiningar
Vestland eller Rogaland?
No har me lagt bak oss ei fin rekkje med folkemøter, informasjonsbrosjyre og sjølve rapporten frå Telemarksforsking. I tillegg har fleire aktørar med næringsinteresser og politiske interesser vore på bana med sine standpunkt. Det er vel berre Sveio Sp og Sveio MdG som samla sett har flagga eit felles standpunkt om å gå for Vestland i folkerøystinga om Fylkestilhøyrsle som politiske parti.
Er det no tid for å konkludere? Er alle kjensler og fakta blitt presenterte?
Sveibuen står mellom valet om å framleis bli i Vestland fylke som strekkjer seg geografisk frå Rogaland i sør til mørekysten i nord, eller skal me søkje mot Rogaland fylke som geografisk strekkjer seg frå Vestland i nord til Agder i sør. Å bli i Hordaland er ikkje eit alternativ, for det fylket finst ikkje lenger. Det ville for meg vore eit betre alternativ enn Vestland fylke.
Haugalending
Eg ser på meg sjølv både som Sunnhordlending og Haugalending. Likevel er det på Haugalandet eg er mest. Kulturtilboda i Haugesund gjennom Edda kino, Festiviteten og eit fotballag me alle kan vere stolte av i FK Haugesund. I tillegg nyttar mange av oss tenester som vidaregåande opplæring og sjukehus. Eg er takksam for at me kan høyre til eit flott regionssenter med tilbod ein mindre kommune som Sveio ikkje treng å tilby. Pensjonspoenga mine hentar eg også i Haugesund
Bonden i Sveio
Tidlegare i haust kjende eg på ei stor uro over rammevilkåra til bøndene våre om me vel å gå inn i Rogaland. Det var oppslag i lokalavisa som skremde meg over ei framtid utan bønder i Sveio, og at eit fylkesbyte nærmast ville bli ein bondemassakre. Heldigvis er dette biletet no kraftig nyansert og balansert då fakta kom på bana. No ser det ut til at bøndene ikkje har noko særleg å frykte med eit fylkesbyte, sidan ordningane som eksisterer no vil bli tatt med vidare inn i Rogaland dersom det skjer. Dette er for meg viktig, for også bøndene i Sveio skal ha like rammevilkår som andre bønder i regionen.
Dersom eg veit at me kan sikre gode rammevilkår for bøndene i Sveio ved å byte fylke, ynskjer eg å røyste for Rogaland i valet om Fylkestilhøyrsle. Det er fire hovudgrunnar til det:
- Garanti for skuleplassar i Haugesund for vidaregåande opplæring. Dette punktet skuggar over alle andre. Ein er garantert skuleplass i det fylket som ein tilhøyrer, og ein treng ikkje å vere uroa kvart fjerde år, når nye fylkespolitikarar skal avgjere dette spørsmålet som kjem opp med jamne mellomrom. Me veit kva me har no, men me veit ikkje kva me har i 2023 / 2024. No må Vestland fylke kjøpe plassar i Rogaland for våre elever, og det er ei knallgod ordning som kjem nær 90 % av ungdomane i Sveio til gode, då dei kan gå i Haugesund på skule. Noko dei aller fleste har lyst til å gjere. Det ynskjer eg ikkje å setje på spel, dersom eg kan få velje.
- Kollektivtilbod. No må ein som skal reise med buss til Haugesund gjennom to soner i to ulike fylker. Dette gjer at prisen blir svært høg for å ta bussen frå Sveio til Haugesund, noko som sjølvsagt har innverknad på heile kollektivtilbodet der færre tar bussen, og ein konsekvens av dette er at det er eit dårleg rutetilbod for Sveibuen. Skyss, Kystbussen og Kolumbus freistar å samarbeide om rutetilbodet, og det gjer at me har tilbodet me har i dag. Dersom me er i same sone som Haugesund hadde prisane vore lågare og rutetilbodet betre er min klare oppfatning. Vonar me får teste det ut.
- Vegnettet. Eg er overtydd om at det er mykje lettare å sikre ein betre FV47 med gul midtstripe frå Tveit til Haugesund, dersom me er i Rogaland fylke. Grunnen er at me då berre har ei fylkeskommunal planmynde å ta omsyn til, og ikkje to som i dag. Dette peikar også Telemarkforskning på. Muleg dei andre kommunane i Haugalandspakken hadde vore meir positive til å spele på lag med ein av sine eigne kommunar enn resultatet me sit igjen med no i dag. Dette veit andre heilt sikkert meir om enn meg, men det er nærliggjande å tru at det er enklare i innreie «eige hus» enn å «innreie andre sine hus». Dei andre fylkesvegane i kommunen held vel ikkje akkurat ein imponerande standard, sjølv om me er i Vestland. Om det blir betre i Rogaland, er eg ikkje sikker på, men dersom me ikkje gjer eit forsøk, vil me heller aldri få eit svar på det.
- Fengsel på Haugalandet. Dette er ei sak som har vore aktuell i mange år. Me har i dag to ulike fengsel på Haugalandet, Haugesund fengsel og fengselet i Sandeid, Vindafjord. Det ser no ut til at det er ganske stille om den saka. Dersom me er ein del av Rogaland, kan det då vere enklare i vinne fram med synspunkt om lokalisering når me er ein del av det same fylket som ein nytt og framtidig fengsel skal plasserast. Er det enklare å arbeide innanfrå enn frå ein kommune utanfrå eit anna fylke. Vil det då bli lettare å finne løysingar saman med dei andre kommunane på Haugalandet når me er eit fullverdig medlem av fylket?
Eg veit at det finst gode samarbeidsorgan både på Haugalandet og i Sunnhordland som Sveio er ein del av. Mitt spørsmål er om dette er ei optimal organisering for å vinne fram med dei viktige sakane som skuleplassar i vidaregåande opplæring, kollektivtilbod, samferdsel og fengsel i Sveio? Har me i dei siste åra vunne fram i nye, store og viktige sakene for Sveio sin del?
Det er eg ikkje sikker på.
Eg har stor respekt for dei som føler seg mest knyta nordover eller sørover, og dei kjenslene skal ein ta på alvor. For den jamne innbyggjar vil fylkestilhøyrsle ikkje ha så mykje å seie, for ein bur i Sveio og jobbar der ein jobbar, men for ungdomane våre og for dei framtidige generasjonane trur eg den beste løysinga for Sveio er å velje Rogaland og med dette eit forsterka Haugaland. Eg heiar difor mest på Haugalandet som ei solid og sterk eining i Rogaland fylke slik situasjonen er no. Ei myte som går er at ved å seie ja til Rogaland samstundes er eit ja til Haugesund. Me stemmer IKKJE om å bli ein del av Haugesund kommune, slik nokon har spurt meg om. Me stemmer over fylkesbyte som eigen kommune.
Dersom du som ibuar no er litt forvirra av mine subjektive meiningar, og attpåtil er ueinig, kan kanskje den objektive rapporten frå Telemarksforsking vere med på å opplyse deg meir om kva du skal stemme. Lenka finn du her:
Kort fortalt rår dei til at Sveio vender seg meir mot Rogaland, for det vil gagne ibuarane både på kort og lang sikt, skal ein lytte til ei sakleg uhilda framstilling frå høgt kompetente fagfolk som ikkje har eigeninteresser i kva fylke ein skal høyre til, men som freistar å sjå dette med eit blikk utanfrå. Muleg kommunar som Etne, Bømlo og Stord vil sjå til Sveio, og vil vurdere å følgje etter dersom Sveio går opp løypa. Ordføraren på Stord har i alle fall vist ei stor interesse for saka om fylkesbyte.
Alt i alt er det viktigaste at du som ibuar brukar røysteretten din, og stemmer ut frå di eiga overtyding. Eg ynskjer ei høgast muleg valdeltaking som viser engasjement om ei viktig sak. Dess høgare valdeltakinga er frå alle krinsane, dess større tyngde vil rådet frå folket vere til dei i kommunestyret som skal ta den endelege avgjerda.
Eg vil presisere at heller ikkje i denne saka nyttar Sveio Ap den frykta partipisken, og dei sju folkevalte i kommunestyregruppa vår står fritt til å stemme etter si eiga overtyding. Det er ei styrke for lokaldemokratiet. Sveio sin ordførar og varaordførar har landa på Vestland, og det valet har eg respekt for, sjølv om eg vel noko anna.
Godt val.
Asle G. Halleraker
Folkevalt for Sveio Ap.