meiningar
«Veit politikarane våre kva eit oppvekstsenter vil seie?»
Det er i barnehagen og i barneskuleåra me formar grunnmuren til barna våre. Lukkast me her, vil me også sjå resultat når ungane skal vidare til ungdomsskule og vidaregåande.
Veit politikarane våre kva eit oppvekstsenter vil seie? Eg vil anbefale dykk å sjå nærare på denne modellen. Valestrand Oppvekstsenter er eit veldig godt eksempel på korleis godt førebyggjande arbeid går føre seg.
Eg vil påstå at akkurat denne mjuke overgongen frå barnehage til skulekvardagen i 1. klasse, er ein av grunnane til det gode miljøet og dei trygge ungane me finn på Valestrand. Barna her har eit svært godt læringsmiljø, der utfordringar både fagleg og sosialt blir plukka opp tidleg, fordi barnehageansatte og lærarar kjenner, ser og har tid til alle barna. På Valestrand har ungane eit særs godt skuletilbod, i tillegg til eit fantastisk barnehagetilbod.
La barna våre få denne trygge gode starten, med barnehage og skule som går hand i hand.
Renate Skår
miljøterapeut ved Sveio skule, og mamma til tre glade Valestrandborn