meiningar

La barn med særskilde behov få lov til å leika og få vener i sin lokale barnehage, skriv innsendarane. FOTO: PRIVAT
La barn med særskilde behov få lov til å leika og få vener i sin lokale barnehage, skriv innsendarane.

«Valfridomen til foreldre i høve å velja barnehage i fare!»

Kommunen planlegg ei utviding av Sveio barnehage. Dette til tross for at det er overkapasitet på barnehageplassar på 150 plassar i Sveio. Ein ny og dyr barnehage er sløsing, dårleg miljøvern og set valfridomen til foreldra i høve å velja barnehage i fare. Kvifor ønskjer Arbeidarpartiet med støtte frå Framstegspartiet å setja alle dei private barnehagar i Sveio i fare?

Kunnskapsdepartementet har kome med ein ny strategi «Barnehagen for en ny tid», som legg opp til at kommunen i større grad skulle avgjera kva for ein barnehage barna skal gå i. Med andre ord: ikkje la foreldre sjølv velja den barnehagen dei meiner er best for sine barn.

Er det dette Arbeidarpartiet i Sveio no planlegg ved å nytta fleire titals millionar av dine skattepengar på å byggja ein barnehage det ikkje er trong for? Om framlegget frå Kunnskapsdepartementet vert vedteke, skal då kommunen avgjera at alle born må gå i den nye kommunale barnehagen? Det kan då setja alle dei private barnehagane i fare, og valfridomen til foreldre. Sveio kommune består av fleire bygder, som treng både gode barnehagar og skular i nærmiljøet sitt. Jamfør levande bygder.

At Framstegspartiet er med på ei mogleg rasering av det private barnehagetilbodet forstår vi ikkje. Men Sveio Framstegsparti er kanskje i motsetnad til resten av Framstegspartiet imot private barnehagar? Utsendte representantar på Sveiomarknaden kunne fortelja at: «Det er ikkje eit alternativ å ikkje stemma ja til ein ny kommunal barnehage».

Dei private barnehagane i Sveio har kunnskap om å ta hand om barn med særskilde behov. Eit tilrettelagt tilbod bør alle barn få i den barnehagen dei allereie går i, slik at dei blir inkludert i det nærmiljøet dei høyrer til (jmf. Rammeplanen kap. 7). La barn med særskilde behov få lov til å leika og få vener i sin lokale barnehage. La foreldra sjølv velgja den barnehagen dei meiner er best for sitt barn — også om barnet har særskilde behov.

Tilskotet er litt lågare til dei private enn kva dei kommunale barnehagar får, då tilskotet til private barnehagar byggjer på 2 år gamle rekneskapstal på kostnadene ved kommunale barnehagar. Om lag 80 prosent av inntektene til private barnehage går til lønn og pensjon. Dette gjer at små svingingar i talet på barn i barnehagen kan gi økonomiske utfordringar for barnehagane.

Vi ber politikarene tenkja seg veldig godt om før dei sløser bort fleire titals millionar på en ny barnehage for dine og mine skattepengar. Ein privat barnehage har allereie lagt ned — set ikkje resten i fare ved å byggja ein ny stor kommunal barnehage til 43,5 million med nesten dobbel kapasitet som den eksisterande.

Vi har forståing for at Sveio barnehage er utdatert og har behov for ei oppgradering. Bygg gjerne ny barnehage, men vi oppmodar til at ein ikkje aukar kapasiteten då det er så mange ledige barnehageplassar i dei andre barnehagane.

Set ikkje våre barnehagar og valfridomen til foreldrane i høve å velja barnehage i fare.

Dagleg leiar Ruth Vihovde, Espira Solkroken
Dagleg leiar Vegard Tollaksen, Læringsverkstedet Ekrene natur- og gårdsbarnehage
Dagleg leiar Sølvi Engedal, Gjermundshaugen FUS barnehage
Dagleg leiar Silje Huse, Bua kultur- og friluftsbarnehage AS

Powered by Labrador CMS