meiningar

Jon Arne Valen gir i sitt lesarbrev uttrykk for at det er meiningslaust å leggja ned to velfungerande skular som Valestrand og Auklandshamn.
Jon Arne Valen gir i sitt lesarbrev uttrykk for at det er meiningslaust å leggja ned to velfungerande skular som Valestrand og Auklandshamn.

«Valestrand og Auklandshamn er vinnarlag – spark ikkje beina under dei»

Kva kompetanse ligg til grunn når representantane frå Ap og FrP har funne foreldra i Auklandshamn og Valestrand ueigna til å sjå kva som er til beste for borna sine?

Med ein utruleg arroganse vil dei mot krinsane sin vilje flytta borna over til Førde skule. Dette for å skjerma dei for påverknad frå ueigna og kunnskapslause foreldre.

Ny skulestruktur er det beste for borna har Ap, FrP og dei to uavhengige bestemt, for det har rådmannen sagt, og hans ord er lov i den leiren. Nå har det seg slik at heile skulesaka er hastehandsama i administrasjonen, ingen høyringar, ingen folkemøte og ingen konsekvensutredingar.

Ap-leiar Håkon Skimmeland uttalar seg utruleg arrogant når han uttalar at det ikkje vil medføra noko negativ utvikling i bygdene om skulane vart lagde ned. Dette er eit hån mot born, foreldre og bygdafolk som bur i Valestrand og Auklandshamn. Som Ap-leiar burde heller Skimmeland brukt energien sin til å finna tak i dei underliggjande meiningane som rører seg i kommunen og ta dei meiningane tilbake til Ap.

Kva meinar eigentleg Maren Bårdsen når ho i eit avisinnlegg skriv at ein må slutta å diskutera skulesaka som om den inneheld sentralisering? Det er jo det alt dreiar seg om, Ap, FrP og dei uavhengige ynskjer å leggja ned to velfungerande skular for så å flytta elevane til Førde.

Vidare skriv Bårdsen at små skular ikkje er å anbefala ut i frå pedagogiske synspunkt. Nokre skular er små og andre store, men skulane er til for at borna skal få ei fullgod opplæring, trygg skulekvardag, samt sosial meistring anten skulane er små eller store. Og i så måte kjem Valestrand og Auklandshamn godt ut med gode lærings- og trivselundersøkingar.

Eg vil anbefala Bårdsen og Skimmeland å ta ein tur til Bergen der dei har valgt å oppretthalda to småskular fordi dei var redde for at bydelane døydde ut dersom skulane vart lagde ned. Andre land, mellom anna Nederland har skular for dei minste elevane plassert slik at skulane ligg i nærmiljøet til borna, og grunnen til det er at borna då kjenner seg trygge og godt sosialt tilpassa frå fyrste skuledag.

Det er svært lite truleg at det er omsynet til borna som er årsak til å flytta born frå nemnde skular.

Det er ikkje vanleg praksis å vilja sparka bein under eit vinnarlag, og både Valestrand og Auklandshamn er eit vinnarlag. Skimmeland og resten av Ap, FrP og dei uavhengige, meinar eg må ta ein tur blant folk som bur rundt omkring i kommunen og lytta til kva meiningane og ynskjene er, ikkje leggja dykk i skyttargravene med fastlåste meiningar slik som de nå er i ferd med å gjera.

Det er svært lite truleg at det er omsynet til borna som er årsak til å flytta born frå nemnde skular. Grunnen er nok helst stormannsgalskap på Sveio sentrum sine vegne, og ei ustyrleg lyst til å øydeleggja for bygdene. Det er litt uvanleg at ein skal finansiera bygging av sentrum med å rasera det som burde vore sentrum sitt oppland. Var det ikkje betre å la desse bygdene få leva og vera med å byggja opp eit sentrum heile kommunen kunne få lyst til å bruka, kjenna seg heime i?

Me i Valestrand brukar meir og meir Stord. Her kjenner me oss ikkje som ei belastning. På Stord finn me kino, bibliotek, symjehall samt butikkar av alle slag med hyggeleg betjening. De set ikkje oss i Valestrand og Auklandshamn i noko klemme i så måte. Skal me til Haugesund, noko som skjer sjeldnare og sjeldnare, så køyrer me om Fjon, så slepp me å vera til ulempe for sentrumsbebuarane. Kva belastning har Auklandshamn krins og Valestrand oppvekstsenter vore for Sveio kommune?

Litt tilbakeblikk frå Valestrand: I 1980 vart skulen på Valestrand utvida, og for å få til ein større gymnastikksal som og kunne nyttast til grendastova, gjorde krinsen avtale med kommunen om å skyta inn 80 000 kroner. Desse pengane fekk krinsen inn ved å selja lutar i Einstadbøvoll Grendastova, som då var namnet, for 50 000 kroner, og dei resterande 30 000 vart tekne som banklån med private kausjonistar. Ei liknande ordning vart nytta i fleire krinsar for å få eit høveleg forsamlingslokale.

For nokre år sidan vart kjøkkenet som høyrer til Grendastova stengd. I stadan for å utbetra kjøkkenet, valde Sveio kommune å stengja kjøkkenet for godt. For at skulen skulle få tilgong til kjøkken ville kommunen heller laga ein kjøkkenkrok i formingsrommet, noko som ville medført at tilhøva for formingsaktivitetar ville vorte mykje forringa og Grendastova ville stått utan kjøkken. Bygdapolitikk på eit høgt plan frå kommunen si side? Bygdafolk i Valestrand tok då saka i eigne hender og 100 000 kroner vart gitt til skule, grendastova som fekk eit godt tilbod og eit høveleg kjøkken. Dette har me fått til utan hjelp frå FrP eller Ap sine representantar.

Ordføraren seier ho er «din ordførar», og med det meinar ho sikkert heile kommunen, eg velger å tru det. Men så var det dette med teori og praksis då, for i praksis stemmer ikkje utsagnet. Hadde ikkje Ap, FrP og dei uavhengige stått seg betre, vore meir truverdige, om dei heldt kva dei lova i valkampen? Då lova dei som kjendt alle partia at skulestrukturen skulle bestå.

Legg til slutt til at me har hatt pandemi i eitt år nå og det vil også vara pandemi godt inn i dette året, dette er den verste krisa me har hatt sidan andre verdskrig. At då Ap, FrP og dei uavhengige i Sveio brukar store krefter på å få lagt ned to velfungerande skular, står ikkje i forhold til kva som skjer i verda ellers. Ein kan ikkje ha møte av normal art, heller ingen samlingar og fellsemøter og av den grunn burde heile skulesaka vorte lagt død.

Jon Arne Valen
Valevåg

Powered by Labrador CMS